Over Håelva #3 Mystery Cache
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Bruer over Håelva der minst den eine enden av brua er i Hå kommune er det 6 stykk av. Dette er bru nummer 3 om ein reknar seg oppover elva. Ein cache ved denne brua hadde vore forstyrrande for fastbuande i nærleiken, derfor er denne cachen IKKJE plassert ved dei gjevne koordinatane. For å finna dei rette koordinatane må du løysa oppgåva lenger nede i teksten. Ta med penn!
Transport av folk, fe og andre produkt over elver har foregått på mange måtar opp gjennom historia. Men er transporten gjentakande er ei bru den greiaste måten. Dette er ein cacheserie som som tek for seg dei 6 bruene som kryssar over Håelva, der minst den eine enden av brua er i Hå kommune.
Dette er bru nummer 3 om ein reknar seg oppover elva frå utløpet. Denne brua går mellom Nesheim i aust og Alvaneset i vest. Ei bru treng ikkje væra laga med transport av levande vesen som hovudmål. Hovedformålet med ei bru kan som i dette tilfellet, transport av flytande materie. Oppgåva til denne brua er å muliggjera transport av kloakk frå Nærbø til renseanlegget på Hå.
Sidan brua ligg i ope lende, og folk på garden like ved har brua like oppe i tunet, har eg valgt å legga cachen på andre koordinatar enn dei som er oppgitt. For å få tak i dei rette koordinatane må du læra og finna ut litt om eit levande organisme det tidlegare var mykje av i Håelva, nemleg elvemuslingen.
Elvemuslingen var tidlegare særs vanleg i Håelva, heilt frå utløpet og opp til Undheim. I dag er antallet mykje mindre og området dei lever mykje mindre. Tilbakegongen har vore så stor at nå er den definert som sårbar på den norske rødlista. Den er derfor totalfreda.
Elvemuslingen kan produsera perle, og i tidlegare tider var hausting og sal av desse perlene ei inntektskilde for bøndene langs Håelva. På 1600-tallet var perlene så ettertrakta at danskekongen meinte alle perlene tilhøyrde han, og at dei som fann perler måtte levera dei til han. Det var til og med eigen kongelig perleinspektør som hadde ansvaret for alle perleelvene i Stavanger stift.
For å finna kordinatane må du leita deg fram til det latinska namnet på elvemuslingen som held til i Håelva. Dette navnet består av to ord.
Koordinatane til staden du finn geocachen er:
N 58° 40.X E005 35.Y
X=antal bokstavar i 1. ord * 5 * bokstavverdien til 1. bokstav i 1. ord + summen av bokstavverdiane av 3. siste og 4. siste bokstav i 1. ord.
Y=bokstavverdi av 1. bokstav i 2. ord * antal gonger bokstaven R er med i 2. ord * antal bokstavar i 2. ord.
Additional Hints
(No hints available.)
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures