Skip to content

Over Håelva #5 Mystery Cache

Hidden : 4/15/2014
Difficulty:
3 out of 5
Terrain:
1 out of 5

Size: Size:   not chosen (not chosen)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Bruer over Håelva der minst den eine enden av brua er i Hå kommune er det 6 stykk av. Dette er bru nummer 5 om ein reknar seg oppover elva. Cachen er IKKJE plassert ved dei gjevne koordinatane. For å finna dei rette koordinatane må du løysa oppgåva lenger nede i teksten. Ta med penn!

Transport av folk, fe og andre produkt over elver har foregått på mange måtar opp gjennom historia. Men er transporten gjentakande er ei bru den greiaste måten. Dette er ein cacheserie som som tek for seg dei 6 bruene som kryssar over Håelva, der minst den eine enden av brua er i Hå kommune.

Dette er bru nummer 5 om ein reknar seg oppover elva frå utløpet. For meg og mange andre er namnet på denne brua Kaffiholsbruå, men eg veit ikkje om dette er eit offisielt namn. Denne brua går mellom Bjorland i sør og Kaffiholen i nord.

Cachen ligg ikkje på dei gjevne koordinatane. For å finna cachen må du løysa oppgåva under.

Langs Håelva, eller Ånå som hu vert kalla blandt dei som bur i nærleiken, bur det mange bønder. Men me skal konsentrera oss om 5 av desse bøndene. Desse bøndene har kvar sitt dyreslag på garden, og antall dyr er ulikt for kvar av dei. For å komma fram til rette koordinatar må du fyrst løysa oppgåva og kopla saman rett fornamn, etternamn, type dyr og antall dyr

Opplysningane du treng er desse:
1. Tobias har 2 dyr mindre enn Njærheim, som har kyr.
2. Tobias har 2 dyr meir enn Peder Bjorland.
3. Gardbrukaren som driv med hest er ikkje den som har 2 dyr.
4. Nærland driv med gris. Fornamnet hans er ikkje Ola.
5. Gabriel driv med sauer. Han har eit dyr meir enn Søyland.

For å løysa oppgåva er det greit å bruka dette skjemaet:


Når du meiner du har løyst oppgåva kan du setta svaret inn i denne tabellen:



Ut frå dette skal du henta ut ein del tall:
A= multipliser bokstavverdiane til 2. bokstav og siste bokstav i etternamn til hønebonden
B= ordverdien til Mons sitt etternamn
C= bokstavverdi til 1. bokstav i fornamnet til bonden med 5 dyr.
D= ordverdien til etternamnet til bonden som har 2 dyr
E= bokstavverdien til 2. bokstav i fornamnet til bonden som har kyr
F= bokstavverdien til 3. bokstav i Tobias sitt etternamn
G= ordverdien til Ola sitt etternamn
H= antall høner
I= antall kyr

Cachen finn du på N 58°A.(B*C)+D E 005°E+F.(G*H)+I

GeoCheck.org

Additional Hints (No hints available.)