Skip to content

Dragseidet Traditional Cache

Hidden : 7/3/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


NORSK:

På denne staden vart sogningar, fjordingar, sunnmøringar og romsdalingar døypte i 997. Kristninga av fire vestlandsfylke vert stad- og tidfesta til denne hendinga. Fram til midten av 1800-talet stod her ein trekross, og i 1913 vart ein steinkross reist til minne om kristningstinget. I 1997 vart tusenårsjubileet for kristninga feira her.

Dragseidvegen går mellom Drage i sør og Leikanger i nord. Vegen er mellom dei aller første opparbeidde vegstrekningane på Vestlandet. Så langt tilbake som vi veit har folk unngått det farlege Stadhavet ved å krysse Stadlandet her over Dragseidet, eller Mannseidet lenger inne. Snorre og andre sagaskrivarar omtalar desse eida fleire stader. Til og med båtar skal ha blitt dregne over Dragseidet, noko som kan vere opphavet til namnet.

På 1600-talet var vegane over Mannseidet og Dragseidet mellom dei tre strekningane som kunne kallast riksvegar i Sogn og Fjordane. Vedlikehaldet av vegane kvilte på bøndene, som hadde kvar sine rodar. Rodsteinane som markerte grensene, kan ein enno sjå langs den gamle vegen.

På Leikanger og Drage var det skysstasjonar fram til 1917. Drage var den nordlegaste stoppestaden for fylkesbåtane i Sogn og Fjordane og Leikanger var den sørlegaste for fylkesbåtane i Møre og Romsdal. Sambandet mellom dei to rutesystema skjedde over Dragseidet. I 1889 var den nye vegen over Dragseidet ferdig.

Den gamle Dragseidvegen er freda som kulturminne og halde som gangveg.

ENGLISH:

Here, King Olav Tryggvarson persuaded the people from four surrounding counties to convert to Christianity in 997 AD. In 1913 a stone-cross was placed here in commemoration of this event. In 1997 the 1000th anniversary of the christening was celebrated here.

The Dragseid road.
From ancient times people has avourded the rough and dangerous sea outside the Stad peninsula or West-Cape by crossing over land here. The road from Drage on the southern side to Leikanger in the north is one of the oldest in Western Norway. Even ships may have been dragged across the peninsula along this way which also may be the origin of its name. Up to 1917 there were coaching houses in both ends of the road, mbt most people travelled by foot.

In 1889 the existing road was finished. The old road is today used for hiking and is preserved as an ancient monument.

DEUTSCH:

Im Jahr 997 bielt der König Olav Trygvarson den Kongress Zur Christianisierung des Landers hier ab. Das grosse Steinkreuz wurde im Jahr 1913 errichtet, das an den Vorgang erinnern soll.

Der Dragseidsweg.
Seglern ist der Küstenort Stad (Westkapp) bekant als ein Platz mit schwierigen Verhältnissen für Segler. Vielleicht mussten Seefahrer in schlectem Wetter ihne Schiffe über den Höbenzug Dragseidet ziehen. Der Weg über Dragseidet ist einer der ältesten in Westnorwegen. Er hatte seine Bedeutung als Verbindungsweg zwischen den Schiffanlegeplätzen bei dem südlichen Drage und dem nördlichen Leikanger.

Kilde/source: Statens Vegvesen

Additional Hints (Decrypt)

A: Haqre gnx. R: Haqre ebbs. Q: Hagre Qnpu.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)