Skip to content

Valestrand Kulturkyrkje Multi-cache Multi-Cache

Hidden : 8/17/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Valestrand Kulturkyrkje
 
 

Valestrand kyrkje er ei ordinær kvitmalt trekyrkje frå 1872. Kyrkja vart vigsla i 1873 arkitekt var O.Wangberg. Kyrkja har eit lite galleri bak. Her finn vi Fartein Valen sitt minneorgel, bygd av det nederlandske firmaet Gebr von Vulpen i 1987.

Kyrkja hadde totalt 480 sitjeplassar i 1873. Fleire endringar gjer at i dag har kyrkja plass til mellom 250 og 300 personar.
Altertavla vart bygd i 1873. Motivet er: ”Herre frels meg” frå Matt. 14.30.
Preikestolen og døypefonten er og frå 1873, medan kyrkjeklokkene, laga av Henrich Grøtche, er frå 1810.

Kyrkja vart pussa opp innvendig til 100-årsjubileet i 1973.Arbeidet var prosjektert av arkitekt Lodvar P.Hesseberg Det vart sett oppglasmaleri i skipet.

UTBETRINGAR
Vi har makta å omskapa ein kald og lite tidsmessig bygning til ei varm og tiltalande kyrkje med rom for stor aktivitet og allsidig bruk.
I løpet av 1.1.2004 til februar 2012 har kulturkyrkja gjennomført ein heil del utbetringar for å leggja til rette for at kyrkja betre kan nyttast som kulturkyrkje.
Dette er gjort på ein måte som tek i vare kyrkjelyden sine kjensler for inngrep i kyrkjerommet. Både fleksibilitet og ivaretaking av dei estetiske verdiane i rommet er viktig.
For å leggja best mogeleg til rette for eit variert kulturtilbod og kulturarbeid, har vi vinteren 2011/12 gjort monalege fysiske utbetringar på kyrkjebygget. Eit nytt tilbygg ved tårnfoten rommar moderne kjøken/møterom, toalettanlegg nede, og to gode grupperom/arbeidsrom oppe. Arbeidet er pietetsfullt utført, og deler av gammal tømre, reisverk og kledning er gjort synleg for dei som ynskjer å sjå og studera dette. Reising av nybygg og isolasjon og nykledning av heile kyrkja er utført av profesjonelle bygningsfolk. Samstundes er det lagt ned eit imponerande dugnadsarbeid av hendige menn og kvinner i alle aldrar.
I åra før har soknerådet har fjerna benker framme i skipet for å gi rom for større kor,orkester, dans, drama og oppsett av scene. Benkene er delt i to og sett opp sidevegs, noko som frigjer plass. Dei kan og takast heilt vekk.
Bakerst i skipet er det teke vekk tre benker på kvar side. I denne delen av rommet vert det sett opp bord og stolar når det er kafé i kyrkja i samband med gudstenester og andre arrangement. Plassen bak i kyrkja vert og nytta til utstillingar.

Kyrkja har fått sceneelementer, scenelys, nytt lydanlegg, videoprosjektor og nytt lerret. Det er montert blendingsgardiner som er naudsynt for einskilde arrangement.
Våpenhuset er pussa opp. Her er det måla med same lyse fargar som inne i skipet, og det er lagt nytt golv. Her er sett opp ein glasmonter for utstilling av gamle og nye biblar, og andre bøker. Det er lagt til rette for sal av ulike produkt og kulturkyrkjekafé.
Oppe på galleriet er det bygd eit lite rom der artistar og andre kan førebu seg arrangementa. Rommet har fått ei lita sofagruppe som gjev rom for avslapping og litt kvile.
Nyttf flygel og kisteorgel er på plass til konsertar og til akkompagnement av instrument og kor. Kisteorgelet kan flyttast til Valen kapell som ikkje har noko fullverdig instrument.

Orgelet som vart sett inn i 1987 er berre bygd som eit byggetrinn. Orgelet fungerer godt til vanleg gudstenestebruk. Intensjonen var jamvel at dette skulle vera eit konsertinstrument. Det har klanglege kvalitetar som gjer det eigna til det .
I ei kulturkyrkje ville det vera verdfullt med eit instrument som går ut over det nødvendige.

Kilde: http://www.kulturkyrkja.no

Oppgaven starter på ovenstående koordinater - gjemmeplass og oppgave endret 31.3.24!

WP1
Ta en runde rundt kirken og tell alle vinduer (ikke glassruter) ikke ta med vinduer over dører. = AB

Neste trinn finner du på:
N 59 40.(B/2)(B-A)(A+6)
E005 2B.(A*0)(B-7-A)(A+1)

WP2
Tell alle vinduene her også=C

Cachen finnes på disse koordinatene:
N59 40.(AB*C*4-AB*2+AB+5)
E005 28.((AB*C)*2)/C/2-1)

Lykke til.


 

 

Additional Hints (Decrypt)

Haqre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)