Skip to content

Skinansfjellet Traditional Cache

Hidden : 9/15/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
3.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Skinansfjellet ligg eit stykke inn i Ognaheia, og utsikta frå toppen er i seg sjølv turen verdt.

Det mest karakteristiske med toppen er varden som står her. Den er 3-4 meter høg, og ruvar i landskapet. Skikkeleg forseggjort er han, og har stått her i meir enn 150 år.


På toppen av Skinansfjellet er du 288 meter over havet. Det kjennest nesten ut som du er på høgfjellet, og landskapet ser nesten slik ut òg. Men utsikta viser at det ikkje er lange vegen til havs. Du ser store deler av kyststripa, og langt innover heia i alle retningar.

Turen innover går langs vatn, over fjellknattar, myrdrag og kystlynghei. Langs stien kan du fleire stader sjå den sjeldne blomen klokkesøte. Klokkesøte er ein raudlista plante; så bare sjå, ikkje plukk.

Områda rundt Skinansfjellet er del av kjerneområdet for hubro i Rogaland. Det går også eit omfattande rovfugltrekk over desse heiane. Teljingar viser at det truleg er fleire tusen rovfuglar som har trekkruta si over dette området kvar haust. Det er ikkje uvanleg og sjå spurvehauk, tårnfalk, havørn, kongeørn og musvåk glidande mellom dei låge fjella i Ognaheia. Er du heldig kan du og få eit lite glimt av dei sjeldne fuglane myrhauk, jaktfalk, sivhauk og vepsevåk

Det er gitt konsesjon for kraftutbygging rundt Skinansfjellet, så om nokre år vil truleg mange og store vindmøller dominera dette området.

You will find Skinansfjellet (Mount Skinan) an hour walk into the moors of Ogna (Ognaheia). The view from the top is in itself worth the trip.

The most characteristic feature of the summit is the beacon. It is 3 - 4 meters high and has been here for more than 150 years.


From the top of Skinansfjellet, at 288 meters above sea level, you can see large parts of the coastal strip, and far into the hills in all directions.

The trail run along lakes, over rocks, marsh and coastal heath. Several places along the trail you can see the rare flower Marsh Gentian. Marsh Gentian is an endangered plant, please do not pick any of them.



The area around Skinansfjellet is part of the core habitat of the rare Eagle-Owl. In addition there is widespread raptor migration over these moors. There are probably several thousand birds of prey migrating over this area each autumn. It is not unusual see sparrow hawks, kestrels, white-tailed eagles, golden eagles and buzzards gliding between the low mountains of Ognaheia.
If you are lucky you might even get a glimpse of the rare hen harrier, gyrfalcon, marsh harrier or honey buzzard.


Korleis koma dit:
Enklaste utgangspunkt er å følgja Fv.133 til skilt mot Eikeland. Ta av ved skiltet og køyr innover eit par kilometer. Parker der vegen deler seg. Frå parkering går du først på gardsveg nedover, over eit par gjerdeklyvarar, og så vidare på vegen opp langs Hagavatnet. Etter du har kryssa demninga følgjer du umerka sti vidare. Stien er stort sett godt synleg vidare innover.

How to get there:
Follow Fv.133 to sign "Eikeland". Turn off at the sign and drive inland a couple kilometers. Park where the road splits. From parking you go down along farm road and cross "fences climbers" at the gate. Continue on the road up along lake Haga (Hagavatnet). After crossing the dam follow the unmarked trail further on. The trail is fairly visible.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgbe fgrva / Haqre ynetr fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)