Skip to content

Nordsinni Ungdomslag Traditional Cache

Hidden : 9/17/2012
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Nordsinni Ungdomslag

 
Nordsinni Ungdomslag ved Dokka i Oppland er eit tradisjonsrikt og aktivt ungdomslag, og eigar av eit ungdomshus som er over 100 år.
 
***** Støtt gjerne spleisen vår for oppussing av uthuset https://spleis.no/179481 * ***** I 1902 kom jernbanen til Dokka. I forbindelse med bygginga av den, var det mange som var bekymra for at ungdommen i bygda kunne bli freista til å ta del i aktivitetar som ikkje var sømmelege. Mot slutten av året, vart det bestemt at det skulle dannes ei ungdomsforeining på Nordsinni, og etter eit møte der bygdas lærarar med fleire deltok og ei lokal songforeining gjekk inn i laget, vart Nordsinni Ungdomslag skipa. I 1909 bestemte laget seg for at dei skulle byggje eit lagshus og Helge Rognerud ga tomt til husbygging på garden Ankalterud si grunn. Leige for tomt skulle gjelde i 199 år og kosta kr 100 for heile perioden. 10.november 1910 stod huset ferdig etter at bygdas innbyggjarar hadde kjøpt luter som finansierte bygginga og allereie 13.november var det innviingsfest med prost Moe som hovudtalar. Både benkar, lampar og piano som vart kjøpt inn etter bygginga står i huset den dag i dag, og er i bruk.
            På dei over hundre åra etter huset vart bygd, har Nordsinni Ungdomslag vore eit aktivt lag i bygda. Det har blitt heldt ein rekke ulike tilskipingar i huset og laget har drive med utallige aktivitetar; fester, foredrag, basarar, kinoframsyningar, sportslige aktivitetar, kunnskapstevlingar, lagsavis, song, dans og teater. Laget fekk sin eigen fane i 1914, og denne fana er framleis i bruk kvar 17.mai. Laget har også haldt kontakt med Landingslaget i Amerika, og ga i 1918 ei fane til dei. Laget har blant anne teke initiativ til å konstruere ein bunad for Land og var ein sterk pådrivar då Lands Museum vart skipa i 1928. Under krigen kom ungdomshuset i eldlinja då ein norsk soldat, Johannes K. Aarseth, falt like nedfor huset. I dag kan ein framleis sjå kulehol i husveggen. Den vesle familien som budde i huset då, kom ifrå det heile med skrekken. Soldaten vart gravlagt ved Nordsinni kyrkje, og bautaen som ungdomslaget reiste til minne om han vert framleis pynta med blomsterkrans av lagsmedlemmer kvar 17.mai. Ein som verkeleg er med på å passe på at huset held seg, er vaktmeister, nabo og æresmedlem Arne Rundborg. Han legg ned mykje innsats sumar som vinter og ser til at alt er i orden. Nordsinni Ungdomslag er eit gamalt lag og eigar av eit flott hus med ei rik historie.
 
”Teater for alle penga”
 
På 1980-talet vart det starta både amatørteater-, og barneteatergruppe i laget og det er teateraktiviteten som sidan då har vore størst. Amatørteatergruppa har i hovudsak heldt seg til revyar og småspel, medan barneteateret har eksperimentert med ulike drama og potpurriar. For tre år sidan vart teatergruppene delt i tre, der ein fekk ei ungdomsteatergruppe i tillegg til dei to andre. Gruppene set opp eigne framsyningar, men har også samarbeidd om produksjonar. Antal deltakarar i gruppene har variert, men ungdomslaget held på og lik å kunne tilby born, ungdom og vaksne i lokalmiljøet aktivitetar å delta på. Foruten å setje opp eigne framsyningar, blir laget også brukt på kreative måtar i kommunen ved idrettsarrangement, som underhaldning 17.mai, ved tilskipingar på museet og ved andre anledningar.
Sjølv om Nordsinni Ungdomslag i dag ikkje består av veldig mange aktive medlemmar, har laget eit positivt syn på framtida. Laget ynskjer å drive vidare med teateraktivitetar og nokre av ungdommane ynskjer å starte opp med leikarring. Driftige folk som ynskjer å leggje ned tid i laget, samt investering i å sende medlemmar på kurs, er med på å halde laget oppe. At laget også er villig til å tenkje nytt er viktig for å kunne halde fram. Nordsinni ungdomslag er tross alt ein ungdom på vel over 100 år!
 

Takk til Rita Strandbakke (tidl. leiar av laget) for hjelpa med teksta.
Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

[NOR]: Gencc [ENG]: Fgnvepnfr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)