GC3YQDB ▼
Size:  (small)
Decca navigasjonssystem var eit lågfrekvens radionavigasjonssystem som gjorde det mogleg for skip og fly å fastslå posisjonen ved å ta imot radiosignal frå faste sendestasjonar med ein spesiell mottakar. Systemet vart først teke i bruk under andre verdskrigen, då dei allierte styrkene trong eit system som kunne nyttast for å vera på rett stad ved landgang. Før landgangen i Normandie blei minesveiparar utstyrt med enkle Decca-mottakarar. Desse sveiparane fjerna miner med stor presisjon utanfor kysten av Frankrike. Etter krigen vart Decca mest brukt av kystfiskeflåten og skipstrafikken i kystfarvatn. Systemet vart og nytta av fly og av helikoptertrafikken til oljeinstallasjonane i Nordsjøen. Decca var hovednavigasjonssystemet for Sea King redningshelikopter før GPS kom i bruk. - Sendarnettverka til Deccasystemet besto av sendarar på land, organisert i kjeder. I Norge var det fem hovedkjeder: Finnmarkkjeden, Lofotkjeden, Helgelandkjeden, Trøndelagkjeden og Vestlandkjeden. I tillegg var norsk farvatn også dekka av den svenske Skagerakkjeden. Sendaren som stod her på Kjørkjetangen var knytt til Stavangersendaren som stod på Hodne i Klepp, og var del av Vestlandskjeden. Kvar kjede hadde sin Master-sendar og to eller tre Slave-sendarar, med nemninga Raud, Grøn og Rosa. Ideelt sett skulle slavesendarane plasserast i kvart sitt hjørne av ein likesida trekant med Master i midten. Avstanden mellom Master og Slave var normalt 60-120 nautiske mil. - Faseforskyvninga mellom signal ein mottok frå Deccasender A (Master) og B (Slave) er den same langs hyperbelforma kurver, der sendarane er brennpunkter i hyperbelen. - Med forskjellige hyperbelforma linjer i tilsvarande fargar, raud, grøn og rosa på sjøkarta, kunne ein lesa av verdiane av faseforskyvninga på Deccamottakaren og følgja desse på kartet. Den beste posisjonsbestemmelsen blei der hyperbellinjene kryssa kvarandre mest mogleg nær rett vinkel. (Map courtesy Decca Navigator Company) Nøyaktigheten av Decca-systemet varierte frå 50 meter på dagtid til 200 meter på natta, men kunne reduserast opp til 800 meter etter som avstanden frå grunnlinja aukte. Maksimum virkeområde for systemet var 300-400 nautiske mil. Decca sendersystemet i Norge vart lagt ned i januar 1997, og internasjonalt har det ikkje vore i drift sidan våren 2000. Systemet vart først avløyst av radionavigasjonssystemet Loran-C, men dei fleste er nå gått over til å bruka GPS-navigasjonssystem.
Additional Hints (Decrypt)
Decryption Key
A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M ------------------------- N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z
(letter above equals below, and vice versa)
No attributes available
Advertising with Us
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache: