Romjulsnøtt i Gjesdal Mystery Cache
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:
 (micro)
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Cachen ligg ikkje på dei oppgitte koordinatane.
Svar på spørsmåla under for å finna kor cachen er gøymt.
I romjula - og i andre rom - kan det vera greitt med nøtter, både slike du kan eta og slike du kan løysa. Desse skulle vera spiselege for dei fleste 
Cachen inneheld originalt loggbok, blyant og eit FTF-sertifikat.
1. Kor mange dyr av kvar slag tok Moses med seg i arken?
Svaret er A
2. Del 20 på ½ og legg til 10. Kva tal får du då?
Tverrsummen av talet er B
3. Ta 2 eple frå 3 eple. Kor mange har du då?
Svaret er C
4. Ein geocachar bygde eit rektangulært hus. Då han sat inne og sjekka gps'en såg han at alle veggene i huset vendte mot syd! Plutseleg hørte han ein lyd utanfor - då han kikka ut såg han eit svært og farleg dyr! Kva farge var det på dyret han såg?
Grått - 0
Fiolett - 1
Svart - 2
Kvitt - 3
Gult - 4
Brunt - 5
Svaret er D
5. Du er aleine i eit tomt hus ein kald kveld. I huset er det ei parafinlampe, ein peis (med ved) og eit stearinlys, men du har bare ei fyrstikk i eska. Kva ville du tenna først?
Svaret er tal på bokstavar i svaret ditt (i ubestemt eintal - altså ein, ei eller eit føre).
Viss det er tosifra, tek du tverrsummen.
Dermed får du E
6. Nokre månader har 31 dagar, nokre månader har 30 dagar, men kor mange har 28 dagar?
Ingen - 6
Ein, men ikkje kvart år - 7
Seks - 8
Ingen av svaralternativa over er rette - 9
Svaret er F
7. Viss legen din gav deg 7 tablettar med beskjed om å ta ein kvar time, kor mange timar ville det gå til du var tom for tablettar?
Svaret er G
8. Kva land har den 4. juli?
USA - 3
England - 5
Begge - 7
Svaret er H
Set inn svara og finn koordinatsettet:
N 58° 45.(A+E)(G-B)(C+H) - E 005° 5D.(E-1)(G-C)F
Biletehint i sjekkaren.
Picture in the geocheck.
Additional Hints
(Decrypt)
Onxxraviå, haqre twreqr, haqre fzåfgrva. Fwrxx fcbvyre. Zbg tnatirt bt R39, vxxwr tå bire twreqrg.
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures