Prestagarden Traditional Cache
This cache has been locked, but it is available for viewing.
A cache by [DELETED_USER]
Hidden
:
12/22/2012
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:
 (not chosen)
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Du står no i den gamle prestegardshagen. Dessverre vart den staselege prestebustaden riven på 80-talet og erstatta med eit nyare hus ovanfor kyrkja.
Her er det flott utsikt nordover til Ombo og Jøsneset, og ein kan sjå vidare til Jelsa, Foldøy, Hebnes og fjell innover bak Nedstrand. Like i nærleiken er langkyrkja frå 1858-talet, reist på mønsterteikningar av den kjende danske arkitekten Linstow.
På andre sida av elva ser ein det som har husa ulike næringar gjennom tidene, no kalla "Spinneriet", med den karakteristiske mursteinspipa. Dette vert no nytta som utstillingslokal, konsertlokal m.m. Vidare kan ein sjå kommunehuset bygd i funkisstil der kyrkjegarden og mange ulike gamle hus låg før den store flaumen i november 1940. Mellom anna låg det som seiest å vera det eldste bedehuset i landet her, ferdig oppført i 1840.
Kommunesenteret er i dag spreidd frå dette området og vestover langs hovudvegen. Etter fergeleiet vart flytta til Hjelmeland frå Tøtlandsvik i 1990, har det også danna seg eit kommersielt senter rundt det, og ein kan rekna dette som den andre enden av sentumsstripa på om lag 1 kilometer. Ein finn i tillegg til nemnde bygningar bank, to daglegvareforretningar, ein jernvare, blomsterbutikk, hotell og campingplass.
Ein kan finne parkering ved kyrkja, evt gjesteplass for båt ved hotellet eller nede ved kommunehuset.
Additional Hints
(Decrypt)
Vaav gerrg.
Vafvqr gur gerr.
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures