Skip to content

Bø gamle kyrkjegard Traditional Cache

Hidden : 2/10/2013
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Cachen ligg i nærleiken av Bø gamle kyrkjegard. ikkje leit i steingarden som går rundt den gamle kyrkjestaden. Parkering: Parker bak løa, vis hensyn til naboane og køyr ikkje gjennom tunet.

 

Kyrkjegarden på Bø

 


Kyrkjestad og gravplass frå 1100-åra til 1834.

Kyrkjegarden
Bø kyrkjegard var ein av tre kyrkjestadar i Hå prestegjeld i mellomaldaren. Den kring 40 x 30 m store kyrkjegarden ligg oppe på eit høgdedrag og er avgrensa av eit steingjerde. Inngangsporten ligg i vest og den søre steinen i porten skal ha fungert som gapestokk. Syndaren blei bunden til eit hol i steinen. Frå porten går det trapper opp til kykjegarden, noko som viser at ved fullsett gravplass blei det påfylt mold og grave på ny.

Omlag midt på kyrkjegarden kan ein sjå tufta etter kyrkja. Det er ingen synlege spor etter gravene i dag, men delar av ein gravstein frå 1818 ligg i steingarden ved porten.

Kyrkja
Bøkyrkja var hovudkyrkja i Bø prestegjeld fram til 1668, medan kyrkjene på Njærheim og Varhaug var annekskyrkjer. Etter 1668 blei Njærheim hovudkyrkje og prestegjeldet skifta namn til Hå. Presten flytta då frå Bø til Hå.

Kyrkja på Bø er truleg like gamal som Njærheimskyrkja, som er kjent frå før 1303. Kor langt tilbake i tid det har stått kyrkje her er usikkert, men Gø kan ha vore kyrkjestad frå 1100-åra. Først på 1600-talet ligg det føre meir informasjon om kyrkja. Det har vore ei lita tjørebreidd trekyrkje med små vindaugo, som var 20 x 10 m stor.

Kring 1619 måla Peter Reimers altertavla og i 1622 arbeidde Lauritz Snekker sotlar og døypefont. Galleri blei laga i 1633 og ny port kom til i 1639. Kyrkja brann i 1708, men blei bygd opp att like etter. Andre påskedag i 1834 blei det halde gudsteneste i Bøkyrkja for siste gong. Kyrkja blei deretter riven fordi det var bygd ny kyrkje på Skjærpe.

Additional Hints (Decrypt)

V fgrvatneq irq rvg ger

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)