Denne cachen ligg på Øvrahelland. For å koma dit kan du gå markene vidare frå cachane " Den rustne Grind" og "Bryophyta". Då må du gå i utmarkene og over gjerde. Når det ikkje er snø, kan de køyra heilt opp gjennom eit gardstun og på ein traktorveg. Eg har snakka med bonden, og han gav lov. Mora i huset nærmast cachane, ville ikkje at det skulle koma bilar her når det er mørkt. Ikkje lett å vita om det er nokre bandittar som kjem. Når de køyrer heilt opp, vil terrenggrad bli lågare enn det eg har notert no. Køyr forsiktig slik at me får lov å køyra heilt fram når det er lyst og ikkje snø.
![]()
Kanskje du finn haren her? Fann harelort i snøen, sjå biletet. God utsikt til vindmøllene. No vil du høyra lyden av vindmøllene. Studèr utsikten mot havet.
Cachen innhald i det den blei publisert