Cachen ligg like utanfor det opparbeidde området ved mølle B12, merka NX 82181. Nydeleg utsikt over Fitjar, øyane og havet. Det tek om lag ein time å gå opp (med ungar), på grusveg. Parker ved parkeringsplass ved rv 545. Området er under oppbygging, og er stengt for publikum alle dagar unntatt søndagar. Kan vere lurt å sjekke heimesida for oppdateringar, mogeleg endringar ved store operasjonar. http://www.midtfjellet-vindkraft.no/
Den første vindmølla stod ferdig utvendig 20.august kl 18, og den første straumen vart levert frå Midtfjellet i 22. september 2012- eitt år etter at bygginga starta.
Dei 44 vindmøllene som skal reisast i Midtfjellet vindkraftverk vert produsert av den tyske leverandøren Nordex. Høgda opp til navet vil vera 80 meter, medan rotordiameteren på fleirtalet av vindmøllene (N90/2,5) blir 90 meter. 10 av vindmøllene (N100/2,5) vil få ein rotor på 100 meter. Alle møllene vil ha ei maks. yting på 2,5 megawatt (MW).
Vindmøllene vil produsera elektrisk energi med ein vindstyrke mellom 4 m/s og omlag 25 m/s. Møllene oppnår full produksjon ved vindstyrke på omlag 13 m/s. Med vindstyrke over om lag 25 m/s stoppar møllene for å unngå for store mekaniske påkjenningar på konstruksjonen.