Gloppen er ei kommune i Sogn og Fjordane. Kommuna er 1022 km2, og grensar til seks andre kommuner i fylket. Derimot er der ikkje fylkesgrense. Per 1. januar 2013 hadde kommuna 5676 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i Sandane som også er den største tettstaden.
Gloppen ligg på sørsida av Nordfjorden, med to fjordarmar: Gloppefjorden og Hyefjorden. Her er dessutan mykje fjellområde og storslått natur. Nordfjord folkehøgskule som har spesialisert seg på friluftsliv ligg på Vereide i denne kommuna.
Den mest kjende personen som kjem frå Gloppen kommune er truleg Odd-Bjørn Hjelmeset som vaks opp på garden Hjelmeset på Vereide. Han er langrennsløpar med 5 VM-gull i perioden 2001 til 2009. I tillegg har han medaljar frå OL og 8 verdscupsigrar, samt tredjeplass i verdscupen samanlagt i 1999/2000. For sine prestasjonar vart han tildelt Holmenkollmedaljen i 2007 og Egebergs Ærespris i 2012.

Gloppen sin tusenårsstad Heradsplassen med monumentet Tankeringen (Foto:
Chell Hill)
Ved cachen kan du lese litt meir om Gloppen kommune.
Kjelder: Wikipedia, SSB