Skip to content

Fram frå gløymsla Traditional Cache

This cache has been archived.

Revehiet: Arkiverer denne cachen, då gøymestaden er gravd vekk. Takk til alle som har vitja cachen! :-)

More
Hidden : 4/16/2013
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Inne i skogen bak busstoppet ved Stend vidaregåande skule slyngjer ein gamal trasé seg i ei kurve. Traseen er på veg fram frå gløymsla fordi han representerer ein spesiell sfære av vår nære historie.

Det var den smalspora Nesttun-Osbanen som gjekk her. Forbi skulen sine grøne, flate område går i dag fylkesvegen snorbeint fram der jernbanen i si tid gjekk i mange kurver. No har entusiastar med sans for å ta vare på den særmerkte soga om Osbanen byrja rydda traseen slik at fleire skal verta merksame på det spesielle kulturminnet som ligg her. Vinteren 2013 vart traseen rydda for tre. Etter kvart skal banelegemet setjast i stand - og deretter skal grus, sviller og skjener koma tilbake på plass.

Det var nettopp dei mange og krappe kurvene som prega Osbanen, som opna i 1894 og vart lagt ned i 1935. Osbanen skulle byggjast på billegaste måten, noko som innebar smalt spor, smalt profil, lett overbygging og krappe kurver. Dermed vart anleggskostnadene mindre enn om banen hadde vorte bygt med vanleg standard. Osbanen følgde terrenget. Han fekk ikkje ein einaste tunnel, og dei to lengste bruene hadde spenn på berre åtte meter kvar. Til gjengjeld låg 53% av den 26,3 kilometer lange banen i kurver. Osbanen er den minste jernbanen me har hatt til offentleg transport i Noreg - med planeringsbreidde på berre 3,0 meter, minste kurveradius 50 meter og største tillate akseltrykk 3,2 tonn.

Ingeniør Ole W. Fasting skreiv i 1905 om Osbanen at: ”Fra Nesttun snegler toget sig afsted opover mod Os, idet afvekslende forenden og bagenden tar ledelsen. Stundom krumbugter toget sig saa uforsvarlig, at alle maa stige af og strække det ud til en ret linje igjen, hvorved man gjerne undersøker, hvor begyndelsen og hvor enden er blevet af, at ingen af disse yderdele har lusket sig ind i midten af toget eller er gaaet tabt paa veien.”

Osbanen var ”banen som burde vært fredet som et naturfenomen”, stod det i Bergens Tidende i 1934.

Kurva bak busstoppet på Stend er ikkje av dei krappaste kurvene på Osbanen, men er likevel eit fint synleg minne om banen som snodde seg som ein hoggorm mellom toppen av Rådalen og Stend stasjon, medan vegen i dag går beint fram. På kartet nedanfor er både dagens veg og jernbanen innteikna.




Over: Jordbruksskulen fotografert i 1930-åra. I bakgrunnen mot skogen kan den kurverike banetraseen skimtast. Lenger framme ser me bilvegen slik han gjekk, dvs. gjennom skulen sitt område, før han vart omlagt til den traseen me kjenner i dag. Foto: Widerøe.



Innhald: I alle fall loggbok og blyant.

Additional Hints (Decrypt)

AB: Ebg. RA: Ebbg.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)