Til slutt i Hellandserien, må de få koma like fram til vindmøllene. Det er 32 vindmøller tilsaman. Nokre av desse grensar til Hellandmarkene, ligg på Hellandsmyra og mot Skjeret og Myrane. Eg har lagt ut 12 geocachar i dette området. Flott dyreliv her. God tur for både gåande, syklande og springande geocacharar.
For å koma dit, er det mange moglegheitar.
-
Kjem de frå Undheim, køyrer de mot Myrane frå Undheimsvegen 505. De tek då av til høgre rett før det står eit skilt som peikar mot venstre: Fiskeplassen (Kjem de til Buevegen 504, som går til Varhaug, har de køyrt for langt). I neste kryss, svinger de til høgre. Når de kjem til eit stort tre på høgre sida, tek de til venstre.
-
Er de på Helland og tek dei andre cachane, går de vidare på ein grusveg frå cachen Helland "På jakt etter haren # 3".
Parkering N58 39.650 E5 45.980 ( Frå Helland når det ikkje er mørkt og snø)
Innhald i cachen:
Ta med penn / Bring your own pen
Her kan du lesa meir om Høg - Jæren Energipark:
http://www.fjell-vandring.net/fjelltopper-0-250moh/hog-jaeren-energipark-100.html
http://ut.no/map/page/maptool/761215
God tur!