På toppen kan du nyta utsynet mot Jordavatnet og Fanafjellet. Du kan óg nytta høvet til å skriva deg inn i turboka som ligg i postkassen like ved toppen. Det er nemleg stor sjanse for at du ikkje vert verande åleine på Tirrleite. Turglade innbyggjarar ved Kalandsvatnet har nemleg konkurranse seg imellom om å gå oftast opp til toppen. Det ber turboka preg av - det kjem fleire signaturar i boka dagleg!
Til Tirrleitet går det fleire svært tydelege stiar som tek av frå anleggsvegen som går opp frå Kismul. Det går óg ein merka sti rundt Jordavatnet, og denne stien går over Tirrleite. Langs den same stien ligg cachen Jordavatn og Hamresåta. Går ein rundt Jordavatnet, er Fanaseter eit greitt utgangspunkt. Elles går det mange stiar på kryss og tvers i området, og dei waypoints som er lagt til, er berre meint som gode framlegg. Merk óg at det frå Tirrleitet går ein god sti opp til Sveåsen, der det óg er plassert ein cache.


