Skip to content

Sveåsen Traditional Cache

Hidden : 6/6/2013
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Sveåsen er ein skogkledd liten topp - ca. 266 m.o.h. - mellom Jordavatnet og Svartavatnet i Fana. Sveåsen er eit fint mål for ein liten trimtur i flott natur.

Opp til toppen kjem du deg enklast ved å følgja merka sti som tek av frå anleggsvegen som går opp frå Kismul ved Kalandsvatnet. Frå anleggsvegen er det to ulike stiar som leier opp mot toppen, slik at det heile kan gjerast som ein liten rundtur. OBS! Kjem du stien frå aust- og sørsida av toppen, må du forsera eit nokså bratt parti.

Det finst fleire stiar som leier hit, og eit alternativ er å ta turen til Sveåsen som ein avstikkar frå ein tur rundt Jordavatnet. I så fall er også Fanafjellet eit greitt utgangspunkt for turen. Det går god sti mellom Sveåsen og den noko lågare toppen Tirrleite. Elles går det mange stiar på kryss og tvers i området, og dei waypoints som er lagt til, er berre meint som gode framlegg.

Frå Sveåsen er det fint utsyn sørover mot Svartavatnet, Lyshornet og i det fjerne havet.

Ved toppen vil du finna ein liten varde som er merka med Fana IL sitt merke «Fanaløypen». Fana IL kjenner i dag ikkje til kvifor dette merket er plassert på Sveåsen, men har på www.turorientering.no skrive følgjande: "Opprinnelsen er tildels ukjent for oss, men det er antydet at Berit Birkeland forsøkte å etablere en tilsvarende merket løype som på Fanafjellet vest av Fanafjellveien merket «Bjargløypen». Bjargløypen var etablert av Rikard Åse som vert ildsjel rundt «Åsebu» på Fløyen. «Fleslandsløypen» på østsiden av Livarden er også merket som «Fanaløype»."

Ved toppen vil du óg finna restane av signalet frå eit trigonometrisk punkt. Signalet har med sirleg skrift vore merka med Sveåsen.



Over: På veg opp skogsstien som går langs austsida av Sveåsen, får naturen ein til å kjenna seg liten! Under: Vel oppe er det fint utsyn mot mellom anna Svartavatnet og Lyshornet.







Additional Hints (Decrypt)

AB: Haqre ebg RA: Haqre ebbg

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)