Skip to content

Norske favorittvisesongarar #1 Tønes Mystery Cache

Hidden : 6/12/2013
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Tønes er artistnamnet for Frank Tønnesen (fødd 28. april 1972). Han er norsk visesongar, gitarist og låtskrivar frå Sokndal.

I tekstane brukar han Sokndal-dialekt. Mange av tekstane er humoristiske, og fortel små kvardagslege historier ein kan kjenne seg eller andre igjen i, slik som i Yatzy, eller om små detaljar ein har rundt seg, men som ein ikkje tenkjer så mykje over, slik som til dømes Mellom to sofapude, men han har også viser med stort alvor, som Eg kjenne nåen, og små vare og såre kjærleikserklæringar som Sangen te deg og Handla i hob med deg. Saman med blant andre Ingvar Hovland har Tønes fleire gonger skrive og spelt revyar i Egersund. I 2012 ga han ut albumet Sån av Salve. For dette albumet blei han tildelt Prøysenprisen for 2012 og vann Spellemannprisen 2012 i klassane vise og tekstforfattar. Han blei også nominert til Nordic Music Prize for 2012 for albumet.
Album:
  • Rett te håves (Kinkverk, 1996)
  • Gobai (Kinkverk, 1998)
  • Det så e inne i krabben (Broiler Farm, 2000)
  • Grønnare gras (Broiler Farm, 2004)
  • Tork av deg fliret (Hype City, 2008)
  • Sobihob (Hype City, 2009)
  • Sån av Salve (Hype City, 2012)
EP-ar:
  • Maleri (Kinkverk, 1998)
  • Bonde (Kinkverk, 1999)
  • Sko ikke sagt någe hvis det va drid (Broiler Farm, 2000)
  • Sju (Broiler Farm, 2003)
Kjelde: Wikipedia.com/no

Cachen ligg ikkje på dei oppgjevne koordinata. Du må løyse oppgåva nedanfor for å finne fram til rette koordinat. I tillegg håper vi sjølvsagt at du tek deg tid til å høyre på nokre av Tønes-songane. Nyt!
 
N 58°AB.CDE
E 005°FG.HIJ
 
1. Teksten til songen Yatzy frå Tork av deg fliret inneheld fleire talord. Finn talorda og legg dei saman. Du skal ikkje ta med talordet ein, og heller ikkje ordenstal som andre, tredje o.l. eller talord gjort om til substantiv, som firarane, femmarane. Finst eit talord fleire enn ein gong i teksten, skal det også teljast fleire gonger. Når du har lagt saman talorda, legg du til tre. Då har du fått AB.
 
2. I songen Det kan ikkje væra helsikt frå Grønnare gras vert det nemnt at ein kan ete så mykje ein vil på restauranten på konferansen. Kor mykje kostar dette? Multipliser beløpet med 16 og legg til 12. Då har du fått CDE.
 
3. I songen Mellom to sofapude frå Gobai ligg bringebærsokkaret (bringebærdropset) mellom to sofaputer. Kva ligg ved sida av dropset? Ta talet på bokstavar (tverrsummen dersom talet er større enn 9) og trekk frå to, og du har F.
 
4. Kor var gitaren då eg i Sangen te deg (frå Gobai) vart skriven? Legg saman tala i dei to orda og trekk frå F. Då har du G.
 
5. Kor mange minutt skal det fosskoke i følge songen Sånn koga eg frå Sån av Salve?
Multipliser talet på minutt med 126 og ta bort 244. Då har du HIJ.

Cachen inneheld bare logg. Ta med eigen penn. FTF-sertifikat og FTF-premie vert levert ved første og beste høve.

Additional Hints (No hints available.)