Leikanger er tettstaden på nordsida av Stadlandet. Leikanger kyrkje, opphaveleg reist på Selje, vart flytta to gonger, i 1654 og i 1866. På veg til Eltvik, på Storneset (GC2ZVWV) er det rester av festningsanlegg frå 2. verdenskrig. Det er bilveg heilt fram til turistmålet Vestkapp (GC430RW) som ligg på eit over 496 meter høgt stupbratt fjellplatå. Frå Vestkapp har ein ei fantastisk panoramautsikt.
På Dragseidet (GC3PPT5) finn ein enno spor frå den tida då dei drog over land farkostar som ikkje våga gå i ope hav rundt Stad. Ein stor steinkross er reist på toppen av eidet til minne om Olav Trygvasson som kristna menn frå fire fylke her i 997.
På Indre Fure (GC303ER), med Stadhavet som næraste granne, ligg husa tett saman i eit tun. Herfrå går det ein sti ut til Ytre Fure der gardsbruka klorer seg fast til fjellet.
Langs fjellsidene i den flate og vide bygda Hoddevik ligg det flygesand, her er og ei herleg sandstrand. I Ervik (GC2ZZGM), ut mot sjølve storhavet, ligg ein vakker liten kyrkjegard. Ervikkapellet er reist til minne om dei 43 som gikk ned med hurtigruteskipet St. Svithun ved krigsforliset i 1943. Ervik har ei fin sandstrand, og ei lita elv med både aure og laks.
Stadlandet har mykje å by på. Avstandane er små, det er kort veg frå fjøre til fjell (GC3PW1K). Her er gamle og vakre bygningar og tun. Her er spanande fjellformasjonar. Strendene har eit rikt fugleliv og du finn steinar og rekved, forma og polert av dønningane.
DEUTSCH
Leikanger is ein grössserer Ort im nördlichen Teil des Stadlandes. Die Kirsche von Leikanger wurde zweimail – 1654 und 1866 – nach anderen Orten verlegt. Auf der Strecke nach Eltvik bei Storneset (GC2ZVWV) sind Überreste einer Befestigungsanlage zu besichtigen. Eine für Autos zugelassene Strasse führt Sie bis zum Vestkapp (GC430RW), das auf einem 496 meter hohen, steil ins Meer herabfallenden Felsplateau liegt. Von Vestkapp hat man eine phantastische Aussicht.
In Dragseidet (GC3PPT5) wurde Schiffe über Land gezogen, um das stürmische Stadmeer zu umgehen. Auf der höchsten Anhöhe der Landenge erinnert ein mächtiges Steinkreuz an Olav Trygvasson, der hier 997 die Bewohner von vier Regionen zum christlichen Glauben bekehrte.
In Indre Fure (GC303ER) drängen sich die Häuser eng auf eineim “Tun” (urprs. Vorhof Eines Bauernhofes) zusammen. Von hier führt ein kleiner Weg nach Ytre Fure.
Am Fuss der Gebirgsabhänge des Ortes Hoddevik ist Flugsand angeweht worden. Hier liegt auch ein herrlicher Sandstrand. In Ervik (GC2ZZGM) direkt am offenen Meer befindet sich ein schöner kleiner Friedhof. Die Ervikkapelle wurde zur Erinnerung an die 43 Schiffbrüchigen errichtet, die mit dem Schnellschiff St. Svithun 1943 untergingen. In Ervik gibt es einen schönen Sandstrand und im Fluss des Ortes leben Forellen und Lachs.
Stadlandet kann Ihnen viel bieten. Die Entfernungens sind gering, der Abstand zwischen Strand und Gebirge (GC3PW1K) ist kurz. Die interessanten Bergformationen werden Sie sicher beeindrucken. Am Wasser sind viele Vögel zu Hause, und am Strand können Sie Steine und Treibholz finden, die von den Wellen geformt und blankpoliert worden sind.