Skip to content

Norske favorittvisesongarar #4 Jan Eggum Mystery Cache

Hidden : 8/26/2013
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
3 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Jan Eggum (fødd 8. desember 1951 i Bergen) er norsk visesongar og artist som har vore aktiv sidan 1975.


Han vert ofte karakterisert som melankolikar, og songane hans handlar ofte om kjærleikssorg, einsemd og tungsinn. Men han viser også ofte både samfunnskritiske og meir trivielle og morosame sider av seg sjølv i songane sine.

Eggum byrja som pubsongar i London, og livnærte seg i to år på å skrive engelske songar. Blant anna blei ein av dei mest kjende songane hans – «En natt forbi» – opprinneleg skrive på engelsk, med tittelen «Alone, Awake».

I 1975 fekk Eggum platekontrakt med den norske avdelinga av det internasjonale plateselskapet CBS, og der spelte han inn debutplata si, Jan Eggum, hausten same året. Gjennombrotet hans kom først etter den tredje utgjevinga, albumet Heksedans frå 1977. For dette fekk han «Bransjeprisen» som opphavsmann under Spellemannprisen 1977. På albumet finn vi blant anna klassikaren «Mor, jeg vil tilbake».

Etter dette har Eggum vore ein av Norges mest kjende artistar, både som soloartist og i andre samanhengar, blant anna som medlem av Gitarkameratene. Fleire av albuma hans har selt til gullplate og han har vunne ei rekkje prisar og utmerkingar, blant anna seks Spellemannprisar, både som soloartist og saman med Gitarkameratene.

Album

  • Jan Eggum (1975)
  • Trubadur (1976)
  • Heksedans (1977)
  • En natt forbi (1979)
  • En sang fra vest (1979)
  • 5 år med Jan Eggum - 14 utvalgte sanger (1980)
  • Alarmen går (1982)
  • E.G.G.U.M. (1985)
  • Da Capo (1990)
  • Underveis (1991)
  • Nesten ikke tilstede (1993)
  • Mang slags kjærlighet (1994)
  • Dingli bang (1997)
  • Deilig (1999)
  • Ekte Eggum (2001)
  • President (2002)
  • Alle gjør det (2004), med Blåtur
  • 30/30 (2005)
  • Hjerteknuser (2007)
  • Kjærlighet og ærlighet 1 (2011)
  • Kjærlighet og ærlighet 2 (2011)
  • Kjærlighet og ærlighet 3 (2011)

Kjelde: Wikipedia.com/no

 

Cachen ligg ikkje på dei oppgjevne koordinata. Dei rette koordinata finn du ved å løyse oppgåva nedanfor. Vi slår herved eit slag for platekjøp og bibliotekbruk, og håper i tillegg  sjølvsagt at du tek deg tid til å høyre på nokre av songane til Jan Eggum. Nyt!

 

 

N 58°AB.CDE

E 005°FG.HIJ

 

 

1. Kven song i kor i ”De skulle begrave en konge stor” frå plata Jan Eggum? Finn talet på bokstavar. Multipliser med 7 og trekk frå 19. Då har du AB.

 

2. Kor mange bokstavar er det i kvinnenamnet som er einaste ordet i tittelen på ein av songane på Eggums plate frå 1977?

 

3. Kor mange songarar/popgrupper vert nemnde i teksten til ”Kor e alle helter hen?” frå Nesten ikke tilstede?

 

4. I teksten ”Ta meg med” frå plata Underveis ønsker jenta på bensinstasjonen at han som kjem og fyller bensin skal ta henne med seg. Kor mange bokstavar er det i det eine ordet ho ønsker at han skal seie?

 

5. Kor mange bokstavar er det i det latinske namnet på fuglen jegaren i første spor på plata Hjerteknuser snakkar med?

 

6. Ein annan kjent, norsk, mannleg songar i same generasjon som Eggum er med og syng  på tittelsporet til Hjerteknuser. Kva årstal er han fødd?

 

Legg saman tala du fekk i spørsmål 2 til 6. Multipliser med 2. Divider med 4. Trekk frå 389, så har du CDE.

 

7. Når pappa kjem heim, skal han fortelje eventyr, heiter det i ”Når pappa kommer hjem” frå Hjerteknuser. Kva skal eventyret handle om? Finn talet på bokstavar. Legg til kvadratrota av 1600, så har du FG.

 

8. Legg saman aldrane i tre av versa til ”Hva hadde du tenkt” frå Kjærlighet & ærlighet 2.

 

9. I forbindelse med jubileet sitt i 2011, gav han ut tre dobbelt-cdar, Kjærlighet & ærlighet 1,2 og 3. Kor mange spor er det på dei tre dobbelt-cdane til saman?

 

Legg saman tala du fekk i spørsmål 8 og 9. Multipliser med 9 og trekk frå 670, så får du HIJ.

 

Cachen inneheld bare logg. Ta med eigen penn. FTF-sertifikat og FTF-premie vert levert ved første og beste høve.

Additional Hints (No hints available.)