Velkommen til Fjone!
Fjone er ei lita grend med 120 innbyggjarar i Nissedal kommune. Sjeldsynte hellemålingar og gravhaugar viser at her har det budd folk i om lag 5000 år. Det fyrste du vil legge merke til når du kjem til Fjone, er Nisser, største innsjøen i Telemark, omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den 4 mil lange og 250 m djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. På Fjonesida finn du kilometervis av dei finaste sandstrender, kanskje det største eldorado for badeglede i Sør – Noreg. For at alle skal få oppleve den storslåtte naturen langs Nisser, har me eit godt utval av oppmerka turløyper i skog og fjell. Vinterstid kan du følgje oppkjøyrde skiløyper gjennom lett skogsterreng heilt inn på snaufjellet. På det smaleste punktet på Nisser, trafikerar Fjoneferga M/F ”Nissen”, som er landets siste kabelferge i ordinær drift. Ferga fraktar bilar, minibussar og passasjerar over Nisser frå 1. mai til 31. desember. I tillegg til å vere førar av Fjoneferga, driver Åshild Sollid eit handverkutsal med eigen strikkeproduksjon, samt ein kafeteria med enkel servering. Informasjon om turløypene kan en få i butikkene i kommunen dette er en folder som karter og stier.