Skip to content

Krigsminnet ved Fossen Bratte Traditional Cache

Hidden : 9/15/2013
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Krigsminnet her er sett opp til minne om dei som mista livet ved kampane ved Fossen Bratte.


I dagane etter den tyske invasjonen i Noreg, 9. april 1940, og hærtakinga av Bergen, gjekk det frå den landmilitære øvstkommanderande på Vestlandet (ØKV) ut mobiliseringsordre til soldatar i m.a. Hordaland Infanteriregiment nr. 9 og Fjordane Infanteriregiment nr. 10 om snarleg samling på Bømoen og Tvildemoen på Voss. Med Voss som utgangspunkt, lukkast det ØKV, general Steffens, å få til ei nærast komplett mobilisering; ein optimistisk norsk motoffensiv som skulle avskjera den tyske framrykkinga på Vestlandet og, med assistanse frå allierte, driva okkupantane ut.

Men hjelpa venta og norske styrkar var hardt pressa i heile Sør-Noreg. Då hovudstyrken på Voss, 4. brigade, måtte sendast austover etter ordre frå  den norske overkommandoen, vart det klårt at det berre ville vera mogleg med opphaldande strid. 1. mai vart dei militære operasjonane på Vestlandet innstilte.

Det tyske framrykkinga mot Voss gjekk langs tre offensivar: Langs Bergensbanen, gjennom dalføret Gravin-Skjervet og langs Hardangervegen. Her utgjorde Fossen Bratte frå naturen si side ei strek stilling på toppen av stupet, der fossen veltar utfor og vegen vestfrå ligg fullt synleg i dalsida. Om ettermiddagen den 22. april rykka tyske styrkar fram mot norske sikringsstyrkar og frivillige skyttarlagsfolk ved Fossen Bratte. Kampane her har vorte eit sterkt kjennemerke på norsk motstands- og offervile.

Additional Hints ()

Zryybz swryy bt ger

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)

Advertising with Us