Skip to content

Julestri(l) 13 - Kyrkjevegen Traditional Cache

Hidden : 11/19/2014
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Julesti(l) 13 - Kyrkjevegen



Dette er den 13 cachen i adventskalenderen. I dag er det Santa Lucia.

Cachen er ein klikk opp boks som ligg ca. 250m fra parkeringen.

"Folk frå Morland og Fjæreide har brukt denne vegen når dei skulle til kyrkja i Fjell, eller når dei skulle anna ærend mellom gardane – truleg gjennom fleire hundre år. Andre gardar - både nord og aust for Fjæreide - kan også ha brukt denne vegen.

Denne turen er på ca. 7 km og tar ca. 1t og 30 minutter.

"Den gamle kyrkjevegen" går nær vatn og gjennom eit vakkert naturområde. Mellom Fjell og Morland er det lett skogkledd utmark, medan utmarka mellom Morland og Fjæreide har meir opne lyngmarker Nokre stader er vegen opparbeidd for å koma over bekker og myrer elles er det naturstig. Vegen er lett å gå.

Det er mogeleg at oppsitjarane til tider også brukte båt langs vatna når dei ferdast på denne strekninga.

"Frå nordsida av Fjell kyrkje følgjer vi "Den gamle kyrkjevegen". Den første delen av kyrkjevegen går på bygdeveg, først ned ein bakke og så over ei slette til du kjem nord til elva og steingarden ved utmarka. I vest ligg eit nytt bustadfelt, men du held fram rett nordover - der du skal følgja Nordsjøløype-skilta. Like ved steingarden ligg eit gardstun. Kyrkjevegen går delvis på opparbeidd veg og delvis på stig mot Morland langs vestsida av Eidesvatnet og på austsida av Liavatnet, Midtvatnet og Kyrkjevatnet. Dei tre siste vatna ligg på rekkje og rad med Kyrkjevatnet lengst nord. Når du kjem til garden Morland, frå sør, ser du først eit eldre gardstun i vest og så er du framme ved bøgarden. Du følgjer stigen over innmarka til du kjem inn på bygdevegen på Morland.

Inne på Morland følgjer du bygdevegen nordover. Frå vegkrysset går du vidare langs vestsida av Morlandsvatnet, heilt til du må ta av mot vest for å koma inn på kyrkjevegen mot Fjæreide. Herifrå går kyrkjevegen først over innmark, så på stig gjennom utmarksbeite i retning Stølshaugen, og derifrå vidare mot søraustre sida av Rotabekkvatnet."

Hentet fra Nordsjøløypa i vest 19.11.2014




Veibeskrivelse:
Kjør til Fjell kirke, ta inn til høyre og kjør forbi parkeringsplssen på Fjell kirke. Deretter tar du til høyre, ned Kvednhaugen. Nå skal du ha ein parkeringsplass på din venstre hånd. Det pleier også være mulig å parkere i nærheten av stistart, litt lengre borte i veien.

God Jul og Godt Nyttår!!

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgbe fgrva

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)