Bygningen var ei gammal jordastove frå Sykkylven, som vart frakta til Eika i ein seksring, altså ein robåt, i 1914.
Huset vart vigsla den 21.12.1914 av sokneprest Ristesund i Eika (Eika og Eiksund høyrde til Herøy kommune fram til 1964). Her har det vore halde mykje møter i kristeleg regi, juletrefestar og ulike arrangement som var høvelege for dei gamle statuttane.
I 1930 vart forsamlingshuset teke i bruk som skule. Det vaks opp mange born på Eika denne tida, på det meste budde det vel rundt 80 personar på øya. Mange av desse var sjølvsagt born, då det gjerne var 6 - 7 ungar på kvart småbruk.
Det lever enno folk som gjekk alle sine skuleår på Eika. Det har ikkje vore skule her sidan tidleg på 50-talet.
Det er elles grunneigarane på Eika som eig huset og har ansvar for vedlikehaldet. Eika grendelag administerer dette, samt andre aktivitetar som medlemane i laget er med på.
(kilde: http://www.fortidsminneforeningen.no/lokalside.aspx?nr=6628 )