Idylliske Hellandsvågane er eit fint turområde . Du kan sjå over til Svinøya ( Svinøy Fyr) frå vågen som ligg lunt til frå storhavet utanfor.
Ca 100 m før snuplassen i Hellandsvågane går der ein veg nordover, parker syklane eller bilen der, og gå dei 250 meterane vegen er, då kjem du til hamna med naust og eit gamalt ishus i betong. Der har kunstnaren Marit Moltu satt opp eit kunstprosjekt som ho kaller *Stund og stad*. Ho har omskapt ishuset til eit lite kapell som er ope for alle som vil inn.