Gjetarstigen
Så lenge jordbruket har funnest i dalen her, har bøndene vore avhengige av fjellbeitet for buskapen. Dei flytte på stølen i slutten av juni og var der til ut i september. Frå sel og fjøs vakna folk og dyr til aktive sumardagar. Ganske småe ungar hadde som oppgåve å gjete for å verne dyra mot bjørn og ulv.
I førre hundreåret møtte vi ei ny utfordring, den aukande turismen. På Beitostølen vann til slutt turismen, men lenge prøvde vi med tilpassingar. Geiter og byfolk gjekk godt i lag, geitene likte tobakk og sjokolade, men hadde ikkje godt av det!
Difor bad mor oss om å følgje geitene om dagane frå vi var 10 – 12 år gamle. Turen gjekk ofte inn i Oledalen. Med denne ”trailen” vil vi få dele opplevingar og tradisjon med geocacherar.
The Shepherd's Trail
As far back as agriculture has existed in this valley, the farmers have depended on the pastures in the mountains for their herds. In early summer they moved up to the cabins and barns that consisted a "støl". Through centuries young kids walked with the cattle to protect them against wolfs, bears and invisible beings like the hulder.
In the last century we got new challenges, the increasing tourism. Goats loved tourists, and tourists loved goats with some exceptions. However, we had the goats for milk and wanted them to eat grass not tobacco!
Thus mother hired us - then 10 - 12 years old to take the goats far away to Oledalen.
With this trail we want to share experience and old tradition on route with geocahers.
Høl i stein
Vi kunne aldri ha dårleg tid når vi gjekk med geitene. Dei kunne eta gras kor som helst langs stien og vi visste ikkje kor langt vi kom. Ein gong kleiv og leike både vi og geitene i ura nedanfor Nørre Knausen. Der fann vi ein stein med hol i.
Når vi fortalde det til bestemor, sa ho at det vart sikkert dvergane som hadde laga holet.
Hole in a stone
We could not hurry with the goats. They had to grass all the way, giving us the opportunity to find strange things in the nature. Once we were climbing and playing on some rocks just beneath Knausen, we found a hole in a grand stone. We told grandmother, and she said it must have been drafts there.
Denne cachen voktes av:
