Skip to content

Sørbø kirke Traditional Geocache

Hidden : 8/15/2014
Difficulty:
1 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Sørbø kyrkje ligg i Rennesøy sokn i Tungenes prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1130. Kyrkja har langplan og 150 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda. Arkitekt: ukjent.

Sørbø kyrkje er ei steinkyrkje frå midten av 1100-talet. Frå 1308 vart kyrkja eit av Håkon Magnussons kongelege kapell. Av desse 14 kongelege kapella er det berre tre som framleis står. Kyrkja er høgreist, med rektangulært skip og nesten kvadratisk kor. Det opphavlege vesttårnet er no redusert til våpenhus. Vindauge og portalar vart utvida på 1800-talet, men vart under leiing av Håkon Christie tilbakeført på 1960-talet, og fekk dermed på nytt sitt opphavlege romanske uttrykk. Samtidig vart korets slanke, gotiske vindauge gjenskapt, og vindauget i skipets sørvegg fekk firkanta 1600-tals form.

Det er sparsamt med dekor i kyrkja, men ho har eit usedvanlig fint romansk murverk, med jamne vassrette fuger og liggande stein. Middelalderinventaret og snikkararbeida frå renessansen er tapt. Berre steinalteret er originalt. Den gotiske døypefonten av kleberstein er lånt frå nabokyrkja på Hausken.

Før den vart reist har kristninga vore markert med eit steinkors på Krosshaug, omkring 300 meter fra kyrkja. Eit bruddstykke av steinkorset er bevart. Det er nå reist eit nytt kors der det gamle sto:

Additional Hints (Decrypt)

Søyt qra eøqr geåqra / Sbyybj gur erq guernq

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)