Fane Gjødselkompagni vart stifta i desember 1893. Selskapet skulle arbeida for å få gjødsel levert ut til gardane langs Kalandsvatnet, i Hauglandsdalen og dei omkringliggjande dalføra. For bøndene var det svært nyttig å få gjødsel levert med Osbanen, som gjorde det langt enklare å få nok mengder gjødsel ut til bygdene. Gjødselen det her var snakk om, kan delast i to kategoriar; nattgjødning og boss. Nattgjødning var innhaldet frå latrinene i Bergen by, medan bosset var kjøkkenavfall frå hushaldningane i byen. Særlig latrine var svært uhygienisk å handtera. Nattgjødning og boss var billig, og det var prisen som var utslagsgjevande og gjorde varene populære hjå bøndene.
På Kalandseid stasjon fekk gjødselkompaniet bygt eit sidespor. Sporet enda opp på ei lang rampe oppbygt av naturstein. På nedsida av sporet hadde dei opplagstomt for boss, medan det på oppsida var lasterampe og opplagstomt for nattgjødning. Som så godt som alle andre gjødselspor på jernbanane her i landet, kom også det på Kalandseid til å verta heitande «Møkasporet» på folkemunne.
Innhaldet frå latrinene vart transportert i kaggar. Om sommaren når det var ekstra varmt i veret, kunne trykket i kaggane verta svært høgt. Det førde somme tider til at kaggane eksploderte, med det som resultat at innhaldet flaut utover. «Husene blir aldeles overfyldt af stank, og kan fremholde flere vidner som har udtalt at det maa gjøres noget for dette, for det er uudholdeligt» , skreiv stasjonsekspeditør Espetvedt på Kalandseid i eit brev til kommunelegen i 1906. Det enda med at det vart lagt ned forbod mot transport av nattgjødning på Osbanen. Bosstransporten medførte derimot ingen nemneverdige ulemper, og vart difor oppretthalden i mange år vidare.
Litt nord for stasjonsområdet på Kalandseid, på den andre sida av vegen, ligg framleis rampa som Fane Gjødselcompagni fekk bygt. Rampa er solid oppbygt i natursteinsmur. Dette synlege minnet etter "Møkasporet" ligg her som eit bortgøymt kulturminne. Og difor finn du geocachen akkurat her.

Foto frå enden av "Møkasporet". Jernbanesporet låg på det midtre nivået, dvs. platået nærmast fotografen. Ned til høgre var det opplagstomt for boss, på rampa til venstre stod kaggane med innhadlet frå latrinene i Bergen.
Osbanen
Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.
Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.
Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.
Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.
Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.
Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.
Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen
Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.
Feire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen og lenker til nokre ressursar finst her:
Osbanens Venner og Stend stasjon
Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen

Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.