Skip to content

Takk skal du ha! Traditional Cache

Hidden : 6/27/2015
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Kvifor starta du med geocaching? Og kva eller kven er det som gjer at du held fram med denne hobbyen? Det håper vi du vil skrive litt om når du loggar denne cachen.


Vi hadde aldri høyrt om geocaching før vi las om det i Jærbladet sommaren 2012. Der var det eit oppslag om geocaching der Oskar Jr (junior!) fortalde litt om den hobbyen han og far hans hadde. Takk skal du ha for at du fortalde! Det gjorde at vi vart nyfikne, og i august 2012, etter eit par dagar med startproblem, fann vi vår første geocache, og vart bitne av basillen.

forstecache

Det er mange grunnar til at vi held på framleis. Heile familien får turar ute både tidt og ofte, og får dermed både frisk luft og mosjon. I tillegg får vi sett mange flotte stader og gått tur i flott natur vi kanskje aldri ville ha fått oppleve om vi ikkje dreiv med geocaching.

turtilfyret11

Skeptiske foreldre vart i november 2012 overtalte av minstemann til å bli med på eit event. Det hadde vi aldri gjort før, og ingen av oss vaksne trudde at det var noko vi kom til å trivast med. I dag er vi veldig glade for at vi våga oss til Hestnes på Cectons event der. Dermed blei vi kjende med Cecton (begge!), og byrja å gå tur ilag med dei innimellom. Vi fann også ut at cacharar flest ikkje er skumle i det heile; dei fleste er svært så hyggelege. Takk skal de ha, Cecton, for at de laga event og tok så godt imot oss! Og takk skal de ha alle de andre som også lagar fine event!

jaeren2015

Sidan har vi treft mange hyggelege folk, og gått tur med fleire av dei. Ingenting er gildare enn å gå på tur ilag med gilde folk! Så til 19Sts69, Azahar, BarcaWa, bjoff, Cecton, Dei Torland, DoffeLoffe, Elteich, englene, geodog Tuva, Hanedalen, Harkaboy, hilnus, Høylaen, Imit42, kaninane, knuslet, Laffn, lefr, liljå, Nja42, Oscar Jr, _oruG, ottoane, Polarjoen, pratt95, ravsig, sel03, Speideren, Sømna, tlye77, TrulsHE, vadi99 og vmu69: Takk skal de ha for at de har vore med oss på gilde turar!

kjorkjesteinen3

Vi har også treft mange hyggelege cacharar på ulike event og også tilfeldig ute ved cachar. Takk skal de ha for hyggelege, interessante og lærerike samtalar og gilde treff!

jaeren2014

Sist men ikkje minst er det all grunn til å takke alle dei som legg ut cachar, og som får oss ut på desse turane, og gjev oss så mange gode opplevingar og spenning undervegs. Takk skal de ha!

bjellecache

Additional Hints (Decrypt)

Zryybz fgbe bt yvgg zvaqer fgrva / Orgjrra ovt naq fznyyre ebpx

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)