Sumaren 1974
Det er ikkje lett å seia når Mo kyrkje vart bygd, men nokre haldepunkt ga utgravinga og restaureringa av ruinen. Funn av middelaldermynter tyder på at kyrkja kan ha vorte påbegynt, eller bygd på Kong Sverre si tid (1177-1202), eller noko seinare.
Mest truleg låg Mo kyrkje i ruinar då reformasjonen vart innført i Norge i 1537. Kyrkjeruinane vart freda i 1929. Tomta der ruinane ligg vart rydda for busk og kratt i 1958, men ikkje meir vart gjort og ruinane grodde til på ny.
I 1971 ba Riksantikvaren om at rydding og hogging på kyrkjetomta vart sett i gang slik at ein kunne få grave ut og restaurert ruinen. Slik kom Vestre Slidre Ungdomsskule inn i biletet i 1972, og cacheeigaren fekk sin fyrste "sumarjobb" i 1974.
Allereie fyrste dagen gjorde vi funn som skjerpa arbeidslysta når det gamle steinaltaret kom for ein dag. Midt i juli kom folk frå Riksantikvaren for synfaring då vi skulle avslutte arbeidet, og dei var særs nøgde med arbeidet vi hadde gjort.
Utgravinga på Mo vart i skuleåret 74-75 tema for ei oppgåve vi hadde i lokalhistoriegruppa. Arbeidet med utgravinga fortsettte sumaren 1975, i 1976 vart austveggen rekonstruert. Sumaren 1977 vart avslutninga av mange års restaureringsarbeid markert med stort kyrkjestemne med både sokneprest og biskop tilstades.
Ynskjer du og veta meir historie kring Mo Kyrkjeruin finns eit hefte med same navn skrive av Jahn Børe Jahnsen utgitt i 1977.
Du må ta med dine eigne skrivesaker.