Dyrafjellet er det høgaste fjellet i Karmøy kommune, 171,5 meter over havet. Stien er god og det er ikkje langt å gå. På den sida der boksen ligg, er det litt bratt, så viss du har små ungar med deg må du passa litt på dei.
Eg har ein plan om å logga eller leggja ut cachar på dei høgaste fjella i kvar kommune i Sunnhordland og Haugalandet. Så eg hadde nett byrja å laga meg ei lista. Du kan tru eg vart forskrekka då eg oppdaga at Karmøys høgaste fjell ikkje har sin eigen geocache! GC2E3T5 ligg riktignok her, men er plassert om lag 160 meter vekke frå det punktet Kartverket seier er toppen. Dette måtte eg gjera noko med! Så eg fann fram ein grøn plastboks, ei loggbok og ein byteting og forta meg opp hit.
Denne vesle haugen har ein primærfaktor på 98 meter. Primærfaktoren fortel oss kor langt ned du må gå frå toppen før du kan starta på stigninga til ein større fjelltopp. Toppar med låg primærfaktor vert ikkje rekna som skikkelege fjelltoppar. Det hadde vore umogleg å sortera fjelltoppar i lister og rangera dei høgdemessig dersom ein skulle ta med kvar einaste hump i terrenget. Ein set gjerne minstekravet på 30, 50 eller 80 meter.
Sekundærfaktor er den horisontale avstanden til næraste høgare fjell. Primærfaktor og høgd i seg sjølv fortel ikkje så mykje, dersom ein er midt i eit område med høge fjell på alle kantar. Då kan sekundærfaktoren vera god å ha med, for å vita kor mykje eit fjell ruvar i terrenget. Dyrafjellet har ein sekundærfaktor på berre 670 meter. Men la ikkje tala lura deg, det er rimeleg flatt mot søraust, så her har du grei utsikt.