Handelstaden
På Handelstaden Glesvær har det alltid vore stor aktivitet, heilt frå 1664, då kjøbmann Henrich Wessel bygde handelstaden, til i dag. Handelstaden har hatt mange eigarar gjennom tida. Familien som i dag eig staden, er femte generasjon etter Hans Gulbrandsen Bakke, som kjøpte handelstaden på tvangsauksjon i 1890. Bakke-familiane dreiv med fiske som hovudnæring fram til 1980 - i tillegg har det vore butikkdrift og litt gardsdrift. Siste fiskebåten på bruket var snurparen "Gulbrand", som forliste utanfor Afrikakysten i 1980.
Tidlegare kunne det vera inntil 50 personar i arbeid her - på båtane, i bakeriet, i butikken, som tauser i huset, eller andre arbeidsfolk som arbeidde på hus og gard. Butikken vart driven av Bakkefamilien fram til 1988, men det var butikkdrift som var driven av andre fram til 1999/2000. I 2001 vart butikklokalet ombygd til kafé, og Glesvær kafé vert no driven av Jon Steinar Midlang.
Bakkefamilien satsa då på turisme, og Glesvær Rorbu tok form. Dei fyrste rorbuene vart bygd i 1993/1996 og er greie ferieleiligheter for 4 personar. I 2003 vart rorbuvirksomheten utvida og fire nye leiligheter for seks personar vart bygd. I same bygget er det også konferanserom som er egna for små firmasamlingar, konfirmasjoner, dåp og andre arrangementer for opp mot 35 personar.
I 2000 vart Handelsstaden Glesvær tusenårsstaden i Sund. Kjem du frå Sjøveien til Glesvær er "Pingvinane" eit godt kjennemerke. Desse vart i 2005 laget av Kyrre Grepp i forbinding med markering av Tusenårsstaden. Med sitt antal på sju er desse absolutt noe ein bør sjå når ein fyrst besøker Glesvær.
I 2008 vart det satt opp eit minnesmerke over dei som kom bort med motorkuttaren "Valborg" i 1941. Av dei sju omkomne på "Valborg" var seks frå Glesvær og ein frå Bergen (men familien ferierte på Glesvær om sommaren).
Badehuset vart bygd av elevar av bygglinjen på Sotra Vidaregåande i 2010. Initiativtitakere var en gjeng med damer som bader ved Glesvær sjøbad året rundt. Dei syntes det hadde vore kjekt å ha et badehus. Og som tenkt - så gjort - eit velkomment innslag for Glesværs sjøbad sine vintarbadarar (og sommerbadarar for den saks skyld).
I 2015 overtok Hans Arne og Bente Blomvågnes-Bakke etter Arne og Ruth N. Bakke. Det er svært viktig at det framleis er aktivitet på staden, slik det har vore i alle år. No er det eit samarbeidsprosjekt mellom dei to generasjonane å driva Handelstaden og Glesvær Rorbu, og i tillegg har me eit tett samarbeid med Glesvær Kafé.
Oppgave:
Finn først svar på de to spørsmålene under:
Spørsmål 1: Hvor mange omkomne var det ombord i MS "Valborg"? (X)
Spørsmål 2: Hvor mange pingviner ble i 2005 satt opp i forbindelse med markeringen av tusenårsstedet? (Y)
Deretter tar du utgangspunkt i de oppgitte koordinatene, som er: N 60 12.222 og E 005 02.488.
For å finne riktige Nord koordinater bruker du oppgitte Nord koordinater sammen med dette regnestykket og informasjonen du fant på spørsmål 1; - 55 - X =
For å finne riktige Øst koordinater bruker du oppgitte Øst koordinater sammen med dette regnestykket og informasjonen du fant på spørsmål 2; +50 -133 + Y =
All informasjon og tillatelse er gitt av: Handelstaden Glesvær.
English
To find the cache you'll have to find out how many people who died in 1941, on board MS Valgborg. The answer is given in the virtual stage one. (This is X).
And then you'll have to count how many penguins there are on the virtual stage two. (This is Y).
Use the coordinates N 60 12.222 E 005 02.488 and then the information you found on the virtuale stages.
For the North coordinates: - 55 - X = the answer
For the East coordinates: + 50 - 133 + Y = the answer
Sjekk løsningen din her: GeoChecker.com.