
Norsk:
I 1971 vedtok Arbeidarparti-regjeringa Bratteli – mot fleirtalet i fylkestinget sin vilje – at det skulle byggjast sentralsjukehus i Sogn og Fjordane. Samstundes ville Bratteli leggje ned dei fire lokalsjukehusa. Sentralsjukehuset skulle byggjast i Førde. Vedtaket førde til sterke protestar med fakkeltog og masseutmeldingar frå Arbeiderpartiet.
Men vedtaket vart ikkje endra, og sentralsjukehuset på Vie med sine 10 etasjar stod ferdig i 1979, etter tre års byggjetid. Sentralsjukehuset vart den største arbeidsplassen i regionen, med over 1000 tilsette frå starten. I nabolaget til sjukehuset vart det samstundes bygt sjukepleiehøgskule, og i åsane omkring skaut det opp nye bustadfelt der dåverande eigar, fylkeskommunen, kunne lokke legar og anna nøkkelpersonell med subsidierte bustader.
I tillegg til å vere sentralsjukehus for heile fylket med sine 106.000 innbyggjarar, skulle sentralsjukehuset samstundes vere lokalsjukehus for heile Sunnfjord og ytre Sogn med tilsaman kring 60.000 innbyggjarar. I dag har sentralsjukehuset i Førde kring 1300 tilsette og er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Kjelde: Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
English:
The central decision of replacing four small hospitals with one large was not popular, and led to demonstrations, torchlight processions and mass withdrawal from the government party.
Førde hospital was finished in 1979 after three years of construction, and employed 1000 people. A nursing college and subsidized housing was built nearby.
Today the hospital employs about 1300, making it the largest workplace in Sogn og Fjordane.