Horndøla Bru
BESKRIVELSE
Horndøla Bru er ei 52 meter lang steinbru som truleg vart bygd i perioden frå 1810 - 1813. Tidlegare var der ei bru laga av tre og stein, men denne vart erstatta av steinbrua som er i dag.
Brua ligg fint til ved sida av riksvegen.
I 1937 vart brua bygd om og det vart sett inn ei 5 meter brei betongplate over brukara.
I 1971 bygde Statens vegvesen ei ny bru som erstatning for steinbrua. Denne brua er i dag ein del av riksveg 60 gjennom Hornindal.
I 1993/94 vart gamle Horndøla Bru restaurert. På eine enden av brua ligg Giftesteinen/Jomfrusteinen, ein rund stein med hol i.
Dersom ein skal på Hornindalsrokken, 1529 moh, tek ein av hovudvegen (RV60) ved Horndøla Bru
Giftesteinen
Beskrivelse
Det er to historier knytt til denne steinen.
Den første går ut på at brudefylgjet gjekk til denne steinen, og at brura måtte krype gjennom steinen under alles påsyn. Kom ho gjennom, var alt i orden, kom ho ikkje gjennom, var ho sannsynlegvis gravid.
Den andre historia går ut på at budeiene frå setrene i området måtte gå gjennom steinen når dei kom i mai og deretter når dei avslutta arbeidet på seinsommaren, for å sjå om dei hadde vore "lausslupne" i løpet av tenestetida.
DESCRIPTION
Horndøla Bru is a 52 meter long stone bridge that probably were built in the period from 1810 - 1813.
The Bridge is nicely placed by the side of the road.
In 1971 the NPRA built a new bridge replacing the stone bridge. This bridge is today a part of Highway 60 through Hornindal.
In 1993-1994 the old Horndøla Bru was restored. At the end of the bridge you can find the matrimonystone / Virgin stone, a round stone with a hole.
There are two stories associated with this stone.
The first is how bridal parties came to this stone and how the bride was made to crawl through the stone under the view of everyone. If she came through, everything was in order, if she did not pass through, she was probably pregnant.
The second story is how milkmaids from farms in the area had to go through the stone when they arrived in May and then once more when they concluded work on a late summer season, to see if they had been promiscuous during occupational time.
Hornindalsrokken ,1529m, will also cover the main road (RV60) at Horndøla Bru