Gravrøyser på Tonganeset Traditional Cache
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Cachen er ikke plassert i fornminnet!
The cache is not placed in the burial mound!
Tekst og bilder nedenfor er enten sakset direkte fra http://www.fornminner.no/AmS/69-tysvaer/tonganeset.htm eller informasjonsskilt ved nullpunkt. Cachen er plassert nær graven vist som punkt nummer 5 på kartet nedenfor.
Gravrøysar frå bronsealderen og jernalderen på Store Nessa
På Tonganeset ligg det ei rekke store og små gravrøysar frå førhistorisk tid. Det må ha vore gardane Nessa og Øverland som til ulike tider gravla sine døde her. Dette er store og sentrale gardar med busetnad som kan gå minst tre tusen år tilbake i tid. Kanskje er Øverland, Store Nessa og Indre Nessa partar av ein opphavsgard som bar namnet Nessa og var oppkalla etter det markerte neset her lengst ute på vestsida av Vindafjorden, og som Tonganes er den ytste delen av? Særleg imponerande er nokre store røysar frå eldre bronsealder (ca. 1800 - 1000 f.Kr.)
Kva som finst
Som vist på kartet, finst fylgjande fornminne på Tonganeset:
- Ei 10 m vid og opp til 0,5 m høg rund steinlegging (grav) med deler av fotkjede synleg, på tangen mellom Stora og Litla Sandvikjå
- Ei 12 m lang, 4-5 m brei og 0,5 m høg gravrøys mellom Stora Sandvikjå og Kjeringvikjå
- Gravfelt med minst 5 gravrøysar nordaust for Kjeringvikjå. Dei er mellom 8 og 12 m vide og frå 0,5 til 1,75 m høge. l alle høve dei største må vera frå eldre bronsealder (ca. 1800 - 1000 f.Kr.)
- Ei 7-8 m vid og opp til 0,4 m høg steinlegging (grav) sørvest for Kjeringvikjå
- Ei 15 m vid og 2 m høg gravrøys frå eldre bronsealder mellom Kjeringvikjå og Dalshamna
- Ei 8 m vid og 1 m høg gravrøys på Kjøphammaren
- Ei 10 m vid og 1 m høg gravrøys oppe på ryggen ved rota av Tonganeset
Denne gravrøysa (nr.5) er ei av ei rekke tilsvarande store gravrøyser her på Tonganeset. Dei fleste vart bygde som kvilestad for ein avdød i eldre bronsealder (ca. 1800-1000 f.Kr.). Denne røysa er i dag 15 m vid og 2 m høg, men er sterkt skadd ved at mykje stein er kasta ut frå midten slik at her er blitt eit djupt krater.
Gravskikk og funn
I krateret kan vi sjå eit ikring 1,5 m langt gravkammer orientert aust-vest. Nordveggen er fint murt opp av små heller som er lagt oppå hverandre, slik skikken var og vi også kjenner det frå samtidige store jordhaugar på Jæren. Ellers er det brukt store kantstilte heller som vegger i gravkammeret.
I store røysar som dette var det i eldre bronsealder vanleg å gravlegga dei døde i slike mannslange kister fullt påkledde og med våpen eller smykke ved sida eller på kleda. Våpna (gjerne sverd, dolk, øks eller spyd) og smykka (gjerne halsringar, armringar eller belteplater) var av bronse.
Då røysa tydeleg har blitt røva i eldre tid, og ho heller ikkje har vore undersøkt av arkeologar, finst det ikkje kjende funn frå henne.
Kor gamle er gravrøysane?
Etter storleik og utsjånad er det grunn til å tru at røysane er både frå bronsealderen (ca. 1800 - 500 f.Kr.) og frå jernalderen (ca. 500 f.Kr. - 1050 e.Kr.). Tonganeset kan såleis ha vore nytta som gravplass gjennom nærare 3000 år. Ingen av røysane er arkeologisk undersøkte.

Storbøndar med makt og rikdom?
Å bygga ei så stor gravrøys som dette, krev både organisering av ei god del menneske og stor arbeidsinnsats. Det var nok difor ikkje alle som fekk reist eit slikt minnesmerke over seg. Dei bronsetinga som elles er å finna i graver frå denne tida, fortel dessutan om kontakt med folk lenger sørpå Jylland og kanskje like nede i Mellom-Europa. Kopar og tinn vart ikkje utvunne i Noreg på den tida, men kom langvegs frå.
Den som vart gravlagd i denne store røysa på Tonganeset, må ha høyrt til ei ætt med både makt og velstand. Denne posisjonen var kanskje grunna på overskot i gardsdrift og jakt på pelsdyr, og kontakt og bytehandel med liknande ætter i bygder og andre landsdeler.
Nessa - ein storgard i bronsealderen?
Kanskje bør vi sjå på heile den flate og fruktbare bremmen langs fjorden her, med gardane Indre Nessa, Store Nessa og Øverland, som ein stor opphavsgard i eldre bronsealder, og setet for ei ætt med dei kontaktane og den velstanden som dei store røysane vitnar om. Husa og innmarka låg lenger inne under fjellfoten, men dei døde fekk kvila lengst ute på neset med vidt utsyn mot den leia som førde dit bronsen kom frå.

[ENG]
On Tonganeset , there are several large and small cairns from prehistoric times. They must have been from the farms at Nessa and Øverland which at various times buried their dead here. These were big and important farms with history that can go at least three thousand years back in time.
The cache is placed close to a 15 m wide and 2 m high burial mound from the early Bronze Age.
Additional Hints
(Decrypt)
Onx syng fgrva irq ebgra ni sheh
Oruvaq syng fgbar ng gur onfr bs cvar
Fcbvyre
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures