Moster er ei av dei tusen øyar som utgjer kommunen vår – Bømlo. Med sjø på alle sider er det ikkje vanskeleg å finne seg ei lun vik der ein kan bade og kose seg. Me har fleire kjente badestrender, men også nokre som ikkje er like kjente. I denne serien vil me vise fram nokre av strendene på Moster. Ta med deg badeklær, bøtte til krabbefiske, litt niste og ha ein strålande dag på stranda.
Denne stranda er mykje brukt av ungar, og det har vore ei populær strand. Spesielt på fjæra (lavvatn) er det mogleg å go eit godt stykke utover før ein er nødt for å legge på svøm. I min barndom var det alltid snakk om å kunne symje heilt ut til den ytterste av dei to øyene i vika. Eg kom aldri så langt. Me var ein del her å bada som barn, men ettersom eg hugsar, var me meir i ytre breivika, som har sin eigen cache.