Desse gravhaugane er eit prov på at det i lang tid attende i historia har vore aktivitet på øya, og det er det og i dag.
Kven som ligg gravlagd her er derimot ei uløyst gåte. På ei av naboøyene, Åmøy er det funne store felt med helleristningar. Det er godt muleg at det er viktige menn og kvinner frå Åmøy som ligg begravd på Hidle. Dette er dei tydeligaste gravhaugane på øya, men det er og fleire jordhaugar som er registrert som gravhaugar.
Då sjølve gravhaugane er freda er cachen IKKJE gøymd i gravhaugen. Sjå hint.
Hugs og at ein ikkje skal krysse dyrka mark, men gå i kanten. Då kan bonden hausta sitt levebrød, og du får ein friluftsoppleving utan å vera til irritasjon for andre.