Narravikjo er ei familievennleg sandstrand lokalisert ved Notlandsvåg. Det er toalett ved stien ned til stranda og plass til å grille på svaberga. Frå stranda har du utsikt til Sveio og skipsleia mellom. Det er og fine grasbakkar der det er plass til å sparke fotball eller andre aktivitetar.
Stranda blir nytta av folk frå heile Moster.
Parkeringa er omlag 100 m frå stranda. Stien ned frå parkeringsplassen er gruslagt og lett framkomeleg også om ein har med vogn.
Det er ikkje mogleg å ta seg tørrskodd fram til cachen på Flo sjø – på Fjæra er det ikkje noko problem, men det er sleipt og glatt så ein bør trå varsamt. Har du ikkje noko i mot å bli våt treng ein ikkje ta omsyn til flo og fjære for å få fatt på denne.