Skip to content

Nesten heilt oppe Traditional Cache

Hidden : 8/25/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
4 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Cachen ligger lenger opp en Munketreppene ca. 985 moh.
 
Beskrivelse

Nosi – Munketreppene. Fantastisk fjordutsikt.

Startpunkt: ved daglegvarebutikken på Lofthus. (eventuelt Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Opedal Skule, eller annan plass)

Endepunkt: ved Nosi,950 m o h.

Parkering: Ved daglegvareforretninga på Lofthus. I skuleferiane kan ein parkera ved Opedal Skule.

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar ved daglegvarebutikken.

Merking: det skal merkast i laupet av 2012 med startpunkttavle, skilt med pil, piktogram og tekst. Merking etter nasjonal standard utarbeidd av Innovativ Fjellturisme.

Gradering: Det er god stigning heile vegen. Turen skal merkast som krevjande (raud).

Turlengd: ca6 km ein veg.

Høgdeskilnad: 950 meter.

Tidsbruk: 2-4 timar ein veg

Gode råd: Det er bratt, så gode sko er viktig. Det er lurt å ta med seg mat og vatn.

Turomtale: Start ved daglegvareforretninga på Lofthus. Følg riksveg 13 nordover få meter til vegkryss. Ta lokalvegen FV 102  på høgre hand og gå i retning Lofthus Camping. Etter ca350 meter, ved Opedal Skule, tek ein til høgre og følgjer ein bratt og asfaltert gardsveg forbi fruktgardar. Etter ca500 m deler vegen seg og ein tek til høgre og fortset på grusveg. Følg grusvegen oppover lia, det er skilta med ”Nosi”. Frå ca400 m o h går det sti på tvers av grusvegen, som slynger seg oppover. Stien er brattare og raskare å følgja enn skogsvegen. Skogsvegen sluttar ca750 m o h. Herifrå går det sti vidare til Nosi. Mellom ca600 m o h til800 m o h er det lagt steinar til rette i terrenget, nett som trappetrinn. Mange kallar desse steintreppene for Munketreppene. Utsikta er svært god på denne turen. Nosi er in liten fjellformasjon som stikk ut i terrenger. Frå fjorden ser det ut som ein nase, derav namnet ”Nosi”. Hugs å skriva namnet ditt i boka som ligg i postkassen ved Nosi. Fortset ein litt lenger etter Nosi, kjem ein til toppen av lia, og starten av Hardangervidda Nasjonalpark. Herifrå er utsikten vakker mot Hardangerbidda Nasjonalpark, og på andre sida av fjorden mot Folgefonna Nasjonalpark. Hugs varme klede, godt turkart og kompass om du skal gå vidare inn på vidda etter dette. 

Variasjon av denne løypa: I staden for å ta same ved tilbake er det mogeleg å returnera ned til fjorden på sør sida av Hovden, og koma ned via Elvedalen og Opedal før returen til utgangspunktet.

Kilde: http://www.hardangerfjord.com/no/Produkt/?TLp=636152&Lofthus-Nosi-munketreppene

Additional Hints (Decrypt)

Arqv ra fcerxx bccå ra fgrva.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)