Skip to content

Kongevegen - Ulvisbakken Traditional Cache

Hidden : 9/6/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Kongevegen - Ulvisbakken


Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.

Om lag her stod den finlandssvenske målaren Wilhelm Carpelan i 1819. Dette året skulle statthaldaren i Christiania til Bergen, og Carpelan vart send ut for å undersøkja tilstanden på vegen. Undervegs teikna han fleire skisser, som her ved Ulvisbakken. Dette partiet av kongevegen gjorde nok inntrykk på Carpelan som eitt av dei villaste og mest dramatiske på strekninga Maristova–Borlo. Her er Kongevegen fleire stader dekt av steinskred og ras, så det må ha vore eit svare strev å halda vegen farbar. Garden Ulvisbakken kan så vidt skimtast til venstre, og vi ser brua over fossen. Vasskjelda for garden gjekk ofte turr vinterstid, og då måtte vatn til folk og fe hentast nede i juvet under brua. Den fyrste brukaren som vi veit om i Ulvisbakken, er «Tomas Svenson» frå 1660-åra. Ingen bur her fast no.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.



This is approximately where the Finnish-Swedish painter, Wilhelm Carpelan, was standing in 1819. The Governor of Christiania was travelling to Bergen, and Carpelan was sent out to check the condition of the road. He made several sketches along the route, and one was here by Ulvisbakken. This section of Kongevegen must have made an impression on Carpelan as one of the wildest and most dramatic on the Maristova–Borlo stretch. The road was covered by rockfalls and landslides in many places, and it must have been hard work keeping it open. Ulvisbakken farm is just about visible to the left, and we can see the bridge across the waterfall. The farm’s water source often froze during winter, and water for people and animals had to be brought up from the canyon under the bridge. Tomas Svenson, who lived here in the 1660s, is the first farmer we know of at Ulvisbakken. Today, the farm does not have permanent occupants.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.

Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Uratraqr v owøex Rat: Unatvat va ovepu

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)