Skip to content

Storatjødni Traditional Geocache

Hidden : 10/10/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Storatjødni

Cachen ein lock-and-lock boks som inneheld loggbok, infoark, blyant og nokre bytteting.
Eng: The Cache is a lock-and-lock container. The Cache contains loggsheet, infosheet, pencil and some trading items.



Vegen framover Mørkridsdalen har frå gammalt av vore ein svært viktig bufarveg til dei mange stølane i området. Bilvegen fram til Hødnevollen, passerer stølane Bratten og Dalen, og vidare framover finn me Knivabakkli, Dulsete, Råsane, Liane, (Lange) Dalen, Fossen, Nobbi og Fjellsli.

Stølsdrifta tok slutt på 40 og 50 talet, og etter det har området for det meste vore nytta til sauebeite. Meir enn 2000 sauer beita her på det meste. Rovdyrplage og dårlege kjøtprisar har meir enn halvert talet på sauer i dalen. I dei siste åra har likevel sauehaldet teke seg noko opp at.

Ved Storatjødni skil vegen seg. Her i vegskilet kan ein sjå stølane Råsane høgt oppe i lia. Til høgre i vegskilet går stien til Dulsete. Dulsete er vårstøl for garden Hauge i Skjolden, og Moen i Mørkridsdalen. Fram til om lag 1960 vart delar av stølen nytta til slåttemark. Dei samla høyet i tre løer, og køyrde det heim til gards om vinteren. Også tømmer frakta dei herifrå til bygda på vinterstid.

Mørkridsdalen er no ein del av Breheimen Nasjonalpark, med status som landskapsvernområde.

Mørkridsdalen
Namnet Mørkridsdalen kjem av at det er mørkt og lite sol her. Likevel var det i utmarka opp i dalen at bøndene henta det meste av foret til dyra før i tida. Dei slo graset og hausta lauv og bark av trea. Dette har vore med og forma eit unikt landskap som er leveområde for mange artar. I dag vert dalen framleis brukt til beite, stølsdrift og rekreasjon. Både sauer, geiter og kyr beitar i området. Eitt av sela på stølen Dulsete er frå 1600-talet.

Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Birasbe orax, onx fgrva Rat: Nobir orapu, oruvaq fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)