Nordfjordeid sentrum og Eidsgata er ein viktig del av Eid kommune, og Eidsgata er ei av dei mest intakte handlegatene i Sogn og Fjordane. Visjonar om utvikling av gata har vore med heilt frå første planarbeidet som vart utført i Eid, Generalplan for Eid kommune, utarbeidd tidleg på 1970-talet av arkitekt Nic. Stabells kontor, Trondheim
Eidsgata har ei blanding av bustadeigedomar og næringseigedomar med gamle og nye bygningar. Gata har i tillegg miljømessige og estetisk verdi i kraft av gamle og til dels verneverdige bygningar og bygningsmiljø. Frå gata er det fleire opningar mellom bygningar og eigedomar som knyter gata visuelt til omgjevnadene, skog og fjell, jordbruksareal og fjorden. Det har vore eit mål å ta vare på desse og framheve dei gjennom opprustinga og forvaltninga av areala i gata. Her er såleis fleire opne rom tilrettelagt for ulike aktivitetar. Den årvisse ”Sommarshopping” som handel og kultur i nært samarbeid arrangerer i gata kvar laurdag sommarmånadane, har no fått ein flott arena til aktiviteten sin. Desse laurdagane er Eidsgata samlingsstaden for heile nordfjordregionen.