Roskdalen - den koselige omvegen Traditional Cache
Roskdalen - den koselige omvegen
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:
 (other)
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
I utkanten av Nærbø er det eit for mange ukjent friområde som me syns flest mulig skal få veta om. Sidan dette er eit fint turområde der det passar veldig godt å gå tur med ungar, og nokre av utleggerane er ungar, er cachen plassert slik ungar skal kunna finna den. Ta med penn.
Roskdalen ligg som ei perle i utkanten av byggefelta på Rosk og Motland. Friområdet startar ved Opstadvegen og turvegen strekk seg heilt ned til Kviavegen og Hattalandstjødnå. Herifrå er det ikkje lange vegen før ein er på Jærmuseet og Kviagarden. Det meste av turvegen fylgjer Dalabekken nedover. Friområdet inneheld leikeplassar, fotballbanar og små skogar kor ungane kan leika. Bekken er også ein fin plass å studera naturen saman med vaksne. Om våren kan det finnast froskeegg og rumpetroll, og det meste av året innbyr bekken til barkebåtløp. For at området skal væra trivelegast mulig for alle, så ber me om at om du tek med deg hunden din på tur, så vær venleg å hald den i band og plukk opp driten etter den, og kast posen i søppelkasse etter turen. Det er desverre ikkje alle som gjer. Geocachen er plassert ved ein trivelig omveg. Du svingar av hovedturveg og følg ein mindre veg/sti over bekken. Her buktar stien seg opp og ned i terrenget før du igjen kjem ned til turvegen litt lenger nede i dalen. På denne sida har ei lokal eldsjel grøfta og laga små bekkeløp slik at stien skal hald seg finn også om det regnar. Kos deg på tur! OPPDATERING JULI 2021: Området i Roskdalen skal oppgraderast. Den store fotballbanen skal fjernast. I staden vert bekken tilbakeførd slik at det skal verta meir liv i den. I området der fotballbanen er dag er planen at det skal verta oppgradert tursti med plassar ein kan setta seg ned og slappa av. Det er også planlagt ein frisbee-golfbane i området. Dei fyrste korgene er alt på plass.
Additional Hints
(Decrypt)
cvccvc
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures