Skip to content

Roskdalen - Bru utan meining Letterbox Hybrid

Hidden : 5/7/2017
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
3 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

I utkanten av Nærbø er det eit for mange ukjent friområde som me syns flest mulig skal få veta om. Sidan dette er eit fint turområde der det passar veldig godt å gå tur med ungar, og nokre av utleggerane er ungar, er cachen plassert slik ungar skal kunna finna den. Cachen er ikkje gøymt på oppgitte koordinatar. Denne cachen er plassert i beiteområde som er i bruk heile året, så her SKAL ikkje hundar medbringast! Vis hensyn.

Cachen er ikkje gøymt på oppgitte koordinatar. Denne cachen er plassert i beiteområde som er i bruk heile året, så her SKAL ikkje hundar medbringast! Vær snille og vis hensyn. Roskdalen ligg som ei perle i utkanten av byggefelta på Rosk og Motland. Friområdet startar ved Opstadvegen og turvegen strekk seg heilt ned til Kviavegen og Hattalandstjødnå. Herifrå er det ikkje lange vegen før ein er på Jærmuseet og Kviagarden. Det meste av turvegen fylgjer Dalabekken nedover. Friområdet inneheld leikeplassar, fotballbanar og små skogar kor ungane kan leika. Bekken er også ein fin plass å studera naturen saman med vaksne. Om våren kan det finnast froskeegg og rumpetroll, og det meste av året innbyr bekken til barkebåtløp. For at området skal væra trivelegast mulig for alle, så ber me om at om du tek med deg hunden din på tur, så vær venleg å hald den i band og plukk opp driten etter den, og kast posen i søppelkasse etter turen. Det er desverre ikkje alle som gjer. Denne cachen er plassert i beiteområde som er i bruk heile året, så her SKAL ikkje hundar medbringast! Vis hensyn. Så til cachen. Ved nullpunktet ligg det ei brei bru. Og brua har ikkje noko meining, for det går ikkje noko veg på den andre sida. Men det går noko som kan likna ein liten sti oppover bakken sørover, og denne skal du fylgja til du kjem til eit gjerde. Og dette skal du over, for du skal inn på beitet. Det er ein gjerdeklyvar av dårlig kvalitet, så bruk den på eige ansvar. Når du er på beitet går du til det nordvestre hjørnet av beitet. Herifrå fylg du gjerdet sørover til du kjem til det sørvestliga hjørna av beitet. Her vender du deg aust/nordaust (ca 35 grader) og ser etter nokre halvstore steinar som ligg i ein liten haug ca 30 meter vekke. Mellom desse steinane finn du cachen.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgrvane

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)