Orrhamren er eitt av dei ti turmåla i Topptrimmen hjå Bømlo turlag. Nett denne toppen ragar ikkje så høgt, men har likevel flott utsikt i alle retningar.
Viss du vil delta i Topptrimmen, må du lasta ned appen Trimpoeng, der du kan betala deltakaravgift og registrera turane dine.
Dette er ikkje ein del av rundløypa til Dyrvatnet, men ein liten avstikkar frå stien. Eg kunne ikkje leggja boksen på toppen, sidan cachen Pilt er for nær, så han ligg nokre meter nedanfor.
Cachen er ein plastboks på 0,1 liter. Manglar blyant.