Skip to content

Tellevikvegen - den "tyske" vegen Traditional Cache

Hidden : 4/4/2016
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Tellevikvegen - den "tyske" vegen

Dei ferdig utarbeidde planane for vegen austover frå Salhus til Tellevik låg klare då den tyske okkupasjonsmakta ville ha fortgong i arbeidet. Det var nemleg viktig å få ein brukbar køyreveg fram til det strategisk plasserte bunkers- og kanonstillingsanlegget på Tellevik kystfort. Men dei eksisterande planane blei forkasta – dei tok for lang tid å gjennomføre, og var ikkje tilpassa militær trafikk. Tyskarane måtte difor lage nye planar sjølve.

Sjølv om alt føregjekk etter tyske direktiv, blei det fysiske arbeidet sett ut til norske entreprenørar, og i 1944, etter ei byggetid på to år, stod den om lag 1,8 kilometer lange vegen ferdig. Gjennom Salhus skar den ”tyske” vegen seg mellom allereie eksisterande busetnad, med bustadhus og hagar tett inntil på begge sider. Vegen var smal og med store, oppmura vegkantar fleire stader. Vidare austover mot Tellevik, var terrenget bratt ned mot fjorden, og det er den dag i dag berre spreitt busett.

Den einaste elva som måtte kryssast langs Tellevikvegen kjem ned frå Milestemma ovanfor Salhus. Ho er etter måten lita, men stor nok til at ei bru måtte byggast. Sidan betong var det store byggematerialet under krigen, fall valet naturleg på ei betongbjelkebru med eitt spenn.

Framleis er rundt 1500 meter av den opphavlege vegen teke vare på, stort sett slik tyskarane bygde den under andre verdskrig. Berre nokre små utvidingar, asfaltdekke og nye busslommer har her kome til undervegs. Ved Klauaneset, derimot, er heile veganlegget totalt endra. Det som var igjen av den gamle vegen blei fjerna i samband med trafikkmaskina over Nordhordlandsbrua.

I dag er trafikken gjennom vegen høg, mykje høgare enn den er dimensjonert for.


Kilde: http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_hordaland.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=115383&spraak_id=1&ptype=single

 

Additional Hints (Decrypt)

Eryngvig ynig cå ger

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)