Ervikane

Friluftsliv
Mange meiner at friluftslivsområda på Strøno og Forstrøno i Os er dei finaste i heile Hordaland. Spesielt Ervikane vest for Strøno er vidkjent for dei mange lune og barnevenlege badevikene. Ervikane er eit viktig regionalt friluftslivsområde der alt ligg til rette for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar. Her kan ein gå tur, bada, dykka, padle, fiska i sjøen, leggja til med båt og slå opp telt. Ervikane er eit godt utgangspunkt for fotturar. Ein tur på den gamle ferdselsvegen frå Langetangen sør i Ervikane til Sørstrøno, Nordstrøno og tilbake til Ervikane tar omlag ein og ein halv time. Elles er her stier og skogsvegar.
Natur
Skogen i Ervikane høyrde inn under Lysekloster i eldre tid. I dag er området sikra til friluftsføremål. Bergen og Omland Friluftsråd forvaltar området. Furuskog - med litt lauvskog attåt - pregar den delen av Ervikane som er mest aktivt i bruk som friluftslivsområde. Innafor strandområdet, er det og mykje gran. Elles finn ein einer, lyng og den vanlege vestnorske strandfloraen. I Ervikane fins mellom anna hjort og skogsfugl.
Spor frå eldre tider
I Ervikane finn vi spor både frå nær og fjern fortid. I mellomkrigstida vart det frakta jord frå ei moldmyr sør i Ervikane til den eigedomen som no er Kongshaug Folkehøgskule på Lepsøy. Kongshaug var den gongen sumarbustad for velståande Bergensfamiliar. Jorda vart frakta med hest og kjerre ut på Langetangen og lasta ombord i båt. Kjerrevegen på Langetangen er i dag ein fin turveg. I Ervikane finn vi og to gravrøyser som kan vera frå bronsealder (1500-500 f.Kr.). Ved foten av Øklandsåsen ligg “Røvarhola” der det ein gong vart funne restar av ein mann som ein trur levde omlag 500 e.Kr. Soga seier at det var ein fredlaus som freista gøyma seg her.
Tilrettelegging
Ervikane er lagt til rette med gangstier, parkeringsplass, toalett, avfallskonteinar, kai, fortøyningsboltar, bord og benk, baderampe og informasjonstavler. Frå parkeringsplassen må ein gå omlag 600 meter på gangveg gjennom skogen. Ein vegbom hindrar bilar i å kjøyra inn i området. Gangvegen går vidare langs stranda. Fjørene er naturlege strandfjører som ligg slik dei er skapt frå naturen si side. Vegane er eigna for rørslemma. Gangbru over til Vetle Hestholmen, som er ein populær plass for stang fiske.
Kilde: Bergen og Omland Friluftsråd
Obs: Vennligst plasser cachen tilbake på nøyaktig samme sted. Loggen må signeres, fotologg blir ikke godtatt.