Skip to content

På veg til dans? Traditional Cache

Hidden : 7/29/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Nes Historielag har rydda flere gamle stier og ferdselsveger i Nes. Dette er en av dem.

Hvis du følger hele stien (ca 1 km) kommer du til danseplassen på Toresletta og kan signere ei turbok.


"Børtneskrigen.

Ein jonsokafta her på Toresletta var det samla ein del folk for å brenne bål og ha det trivelig. Ein hadde med seg einpikkaren og drog opp til dans. Så gjekk det som så ofte før. Ein bondegut og ein rallar vart usamde om ei jente. Sume skulle hjelpe bondeguten og andre rallaren, og snart slåst dei alle mann. Det var kvinnehyl og banning over heile sletta. Bøndene i grenda rykte ut med høygaflar og langorv som våpen, og det vart ein hard kamp. Dei unge anleggsfolka skar seg piskar og påkar og slo med, så ei stund gjekk det på livet laust. Men so fekk ein bondegut eit rapp av ei seljeviu over andlete og skjøtte ikkje lenger liv og helse.

Han sprang heimatt og henta hagla, og gjekk til åtak på slusken med skarpe skot. No var det berre ein ting å gjera: hive seg ned og krype i dekning slik dei hadde lært på eksisen på Bømoen og Jørstadmoen. Men ein av karane var både tjukk og sein av seg, så han fekk ei haglladning i baken.

Det vart ei forferdeleg remjing av han der i skogen. Men bondeguten ga seg ikkje med det. Han skaut fleire skot, men no va dei heldigvis komne unna, så dei andre fekk berre nokre småhagl i seg her og der. Men til slutt fekk dei avvæpna den galne karen og la han i bakken. Etterpå kom lensmann og doktor hit. Mannen som hadde fått ei haglladning i baken, bar dei inn i ei stove og la han på bordet, og doktoren og eit par karar til plukka hagl ut av baken hans med pinsett, og karen skreik og banna og heldt eit helsikes hus. Bondeguten som skaut vart frakta til fengselet på Nesbyen og sett i bolt og jarn, og hagla vart inndregen som bevis i saka. Lensmannen var styggsinna og lova rettsak for drapsforsøk og terror, og han sverja på at han skulle vise både rallarar og bønder at fengselet ikkje berre var til pynt.

Slåsting var det ofte ved anlegget, men sidan det vart brukt skytevåpen, vart denne hendinga hugsa lenge, og vart alltid sidan kalla Børtneskrigen."

Jeg vil anbefale å begynne nederst på stien, og følge den oppover, siden den kan være litt vrien å finne helt øverst. Cachen ligger omtrent halvveis. Det er en liten boks med ett par bytteting.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre ra xivyrfgrva

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)