Bedehuset er bygt i tømmer i vanleg stil: Storsal, småsal, gang og galleri, men utan kjellar. På taket vart lagt sementpanner. Eit lite tilbygg på øvste sida gjorde teneste som vedahus og do. Inne var alt umåla.
Oppvarminga av storsalen stod ein stor, rund vedomn for (ca 2 m høg), så når den fekk nok brennfang, var det alvorleg kva varme den gav frå seg.
Småsalen gjorde teneste som kjøken, og ein komfyr vart brukt til oppvarming og kaffikoking på basarar og festar. Elles var det umåla trebenkar, somme med ryggstø, men og ein del utan.
På galleriet var alle benkar utan ryggstø, og det var ikkje sjeldan dei ramla over, med det levenet som då fylgde.
Talarstolen som framleis er i bruk, er eit kapittel for seg og litt av eit klenodium. Han stod på ein sokkel med to trappetrin opp. Han er truleg komen frå Davik gamle kyrkje.
I 1924 vart det kjøpt inn eit godt orgel (harmonium) frå Haugen orgelfabrikk i Volda for kr. 975,-. Det var eit 4-stemt orgel med 5 oktavar, og det vart brukt i om lag 50 år. No er det erstatta av eit godt elektronisk instrument. I 1963 og 1993 ble bedehuset bygd på.
Namnet på huset er «Betania». Det har opp gjennom alle år vore ein fast samlingsstad når det gjeld møte ved tilreisande forkynnarar, basarar og julefestar, søndagsskule, fråhaldslagsmøte, ungdomslagsarbeid og hobbyklubb. Ja, før vi fekk kyrkja i 1940 vart det også nytta til gudstenester ved soknepresten i Davik, som Kjølsdalen då høyrde inn under.
Soknepresten føretok samstundes jordpåkasting for dei som var gravlagde sidan sist han var i bygda (Det var heilt uvanleg at presten var med i gravferder då).
Eitt år heldt framhaldsskulen til i bedehuset, og lektor Henrik Eikås hadde engelskkurs der under krigen.
Aktivitet i dag: Faste bønesamlingar kvar 14. dag, yngresmøte, ungdomsgruppa «Seinfredag», konfirmantsamlingar, møte ved tilreisande forkynnarar og ymse andre samlingar.
Huset vert og leigt ut til konfirmasjonar og andre tilskipingar.
Bedehuset fyller ein viktig del av den åndeleg verksemda i bygda, og ikkje reint så reint sjeldan får vi gjester frå grannebygdene også.
KJØLSDALEN: Ei velstelt jordbruksbygd med 305 innbyggere i år 2000 fordelt på 97 husstander. Bygda er den største i skolekrinsen, og Kjølsdalen ligger sentralt i Nordfjord.
Kjølsdalen ligger i et dalføre som er smal ut mot fjorden, men vider seg ut som en ballong oppover i dalen. Bygda er omtalt i 1306-1350 som Kiolesdall. Gården endret navn i 1852 til Kjøllesdal.
Et gammelt kartutsnitt viser at daltunet hadde rundt 35 hus. Gamle gårder i området er Berstad, Sundal, Humborstad og Kjøllesdal.
Kjølsdalen har blant annet bygdekvinnelag, skole, barnehage, idrettslag, skolemusikk, 4H, bygdekino. Kirke og flotte friluftsområder.
Naturmøteplassen på Navestøylen øverst i bygda er et fint sted bygdefolket ofte møtes. Gårdene i Kjølsdalen har fellesbeite og setrer på Navestøylen og fjellene rundt.

Like ved cachen er det parkering.
Cachen har ikke plass til bytteting eller reisevenner.
For å logge på nett, må du skrive deg inn i papirloggen i cachen med dato og brukernavn.
http://www.kkul.no/kkul/lokal_historie/bedehuset/bedehus.htm