Skip to content

Kongevegen - Honingane Traditional Cache

Hidden : 8/11/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Kongevegen - Honingane

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.



STØLSGRENDA OG VEGEN
Stølgrenda Honingane har alltid lege sentralt til langs vegleia. Både mellomalderen sin allfarveg og postvegen gjekk her på nordsida av dalføret og kryssa elva Smeddøla ved Honingane. Då Kongevegen vart bygd på slutten av 1700-talet, valde generalvegmeister Christopher Hammer å la vegen gå utanom Honingane og heller krysse elva lengre nede ved Brattebakken. I 1860 vart vegen lagt om att til nordsida av elva, og det vart bygt ny bru over Smeddøla ved Honingane.

Honingane ligg om lag 730 meter over havet og var tidlegare ein vår- og hauststøl for gardane Hegg, Bjøråker og Hovland i Borgund. Her heldt dei dyra inntil dei kunne førast opp til sommarstølen på Filefjell, og etter at dei hadde flytt ned att om hausten. På fjellet vart ofte snøen liggande til over jonsok (St. Hans), medan Honingane var snøfritt langt tidlegare.

Det må ha vore mykje liv på Honingane. Over 20 tufter etter stølshus, somme av dei svært gamle, vitnar om stor aktivitet her oppe. I sesongen var stølane nærast å rekne som eigne samfunn, der så å seie alt arbeid vart utført av kvinner og barn. Budeia hadde lange dagar med å passe buskapen, mjølke, kinne smør, yste ost, lage rømme og sanke fôr. For lokalsamfunnet betydde stølane svært mykje. I Lærdal var over 40 % av alle mjølkeprodukt på slutten av 1800-talet laga på stølane.

Stølsvegen hadde vorte mykje lengre og meir krunglete om ikkje stølen hadde lege så nær hovudvegen. Generelt kan ein seie at dei veglause stølane i fjellet forsvann først, medan stølar ved veg var i drift lenger. Med vegen vart difor levetida for stølsbruket på Honingane forlenga til midt på 1900-talet.

I lange periodar kunne budeiene vere åleine på setra, og dei var da gjerne ekstra merksame på omgivnadane, slik at førestillingar frå folketrua fekk næring. Skuggar, lydar, vêr og vind kunne tolkast som overnaturlege. Det finst knapt ei seter som ikkje har sine eigne historier om huldra, haugfolket eller andre makter, og av omsyn til dei måtte ein følgje spesielle reglar. Folk trudde at haugfolket nytta dei fråflytte stølshusa i vinterhalvåret. Difor måtte ein gjere sitt for å blidgjere dei på ymse vis, både når stølen skulle takast i bruk på vårparten, og når husa vart overlatne til dei underjordiske på haustparten att.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.

MOUNTAIN FARMING AND THE ROAD
Due to the road, Honingane mountain farm has always enjoyed a central location. A medieval track, and later the postal route, led along this northern side of the valley and crossed river Smeddøla by Honingane. When Kongevegen was built in the late 1700s, the Director-General of Roads, Christopher Hammer, opted to avoid Honingane and build a river crossing further down by Brattebakken. In 1860 the route was again moved to northern side of the river, and a new bridge was built by Honingane.

Honingane is located some 730 metres above sea level, and was used in spring and autumn by the farms Hegg, Bjøråker and Hovland in Borgund. This was where the animals were kept before they could be brought up to the summer farm at Filefjell, and again on their return in autumn. The mountain could be covered in snow until after midsummer, whereas at Honingane it had disappeared long before.

Honingane must have been a lively place. Over 20 old farmhouse foundations are evidence of high activity. During the season, the mountain farms were their own little communities where almost all the work was done by women and children. The dairy maid worked long days looking after the livestock, milking, churning butter, making cheese and sour cream and collecting fodder. Mountain farms were extremely important to the local community. In Lærdal at the end of the 1800s, over 40% of all dairy products were produced at the mountain farms.

The track would have been far longer and more cumbersome if the farm had not been located close to the main route. In general, mountain farms without road disappeared first, whereas farms by the road remained in operation longer. Owing to the road, mountain farming at Honingane continued into the mid-1900s.

As dairy maids often were alone in the mountain for long periods of time, they were highly conscious of their surroundings and this led to superstition. Shadows, noises, weather and wind were often perceived as supernatural. There is hardly a mountain farm without its own stories of the wood nymph, hulders or other creatures, and special precautions had to be taken. It was a common belief that hulders used the empty farmhouses in winter, and steps had to be taken to please them - both when arriving in spring and when leaving the farm to the underworld in autumn.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen



Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Irq fgbe fgrva onx yvgra Rat: Orfvqrf ovt ebpx oruvaq fznyy

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)